– Behovet for eit aktivitetsområde som innbyr til meir klatring har lenge vore eit ønske og noko FAU har arbeidd for. Vi ser føre oss ein arena, ein klatrejungel, der leiken er middel for å motivere til aktivitet, skriv rektor Odd Einar Fimreite.

Prisen for ein klatrepark er 785.000 kroner totalt. Og dette er tenkt finansiert med spelmidlar, pengar frå kommunen og pengar frå Gjensidigestiftinga.

Klatreparken vil verte forma ut og montert i samsvar med gjeldande føresegner, og stettar også krava til universell utforming.

– Fantastisk tilskot

Vikemarka skule søkjer no idrettsfunksjonell godkjenning, som er fyrste steget mot å få prosjektet godkjent for spelemiddelfinansiering.

– Dette vil vere eit fantastisk tilskot til Ørsta sentrum for barn og ungdom. Anlegget vil vere ope for allmenn bruk, og vere universelt forma ut, skriv Fimreite.