Det sa Eskil Rønningsbakken då han søndag gjorde seg klar til å balansere på stupet av Hallehornet i Romedalen. Saman med Naomi Bratthammer gav han dei om lag femti frammøtte ei spektakulær oppvising i balansekunst.

Eksil Rønningsbakken har halde på med balansekunst og akrobatikk i over tjue år, og har vore fleire gonger i Ørsta i samband med Naturfestivalen. Tidlegare år har han vore åleine, og søndag hadde han med seg Naomi Bratthammer, som har halde på akrobatikk i ti år.

– Så lang erfaring må vi ha, og så må vi våge å kjenne frykt. Du skal vere redd når du balanserer på kanten av eit stup, forklarar han.

Det var spennande om det i det heile kunne verte eit balanseshow på Hallehornet søndag. I morgontimane låg skodda grauttjukk. Og ikkje såg det ut til at ho ville lette.

Dei kring femti personane som tok turen til Hallehornet gjekk mesteparten av turen i tjukk skodde, men berre få meter frå den vel ni hundre meter høge toppen, letta det.

– Dette er jo heilt perfekte rammer for det vi skal gjere. Med skodda under oss vert det verkeleg djupne i det vi skal gjere, sa Rønningsbakken då han fekk sjå utsynet frå Hallehornet.

Saman med Bratthammar varma dei opp kring ein halvtime før dei skulle i aksjon. Det var både mentale og fysiske øvingar. Det er veldig greitt å kome seg til Hallehornet, men fjellet har eit loddrett stup på eine sida.

Tidlegare år har Rønningsbråten vore åleine, og gjerne nytta seg av ymse «hjelpemiddel», som ein stol.

– I år er det Naomi som er «stolen». Det er enklare, sa Rønningsbakken.

Dei to gjennomførte moment der han løfta henne opp, og ho balanserte og turna. Heile tida medan dei bevega seg på egga. Fleire gonger måtte publikum gispe.

Nokre gonger kom skodda, slik at det ikkje vart så perfekt å sjå, men då var det berre å vente på at trekken tok skodda vekk igjen.

Ingen av dei femti angra på at dei tok turen til fjells søndag.