Norrøna Pub må svare på moglege brot på skjenkjeløyvet etter ein kontroll gjennomført av Securitas. Det var i byrjinga av juli skjenkekontrollen såg at det var folk til stades som dei meiner var openbert påverka av rusmiddel, og at det vart konsumert alkohol på området for uteservering etter kl. 24.00, då uteserveringa skal vere over.

Verksemda må svare på dei påpeika forholda overfor Ørsta kommune innan 28. juli.