Laksefisket er i gang i Norangdalselva. Etter ein treg start, vart det tidleg denne veka landa fleire laksar. Både far og son Nordang har sikra røykalaks til jul.

– Det har vore skralt med fiske heilt fram til denne veka. Då losna det litt, fortel Einar Arve Nordang.

Han landa sjølv to laksar denne veka. Det var ein fisk på 6,2 kilo, og ein på 3,2 kilo.

Dette var måndag. Tysdag tok far sjølv, Steinar Nordang seg ein tur i elva. Det vart vellukka, for på kroken beit det ein laks på 4,6 kilo.

– Dette skal verte røykjelaks til jul, forsikrar Steinar Nordang.

At det ikkje har vore fiska så mykje før dei siste dagane, er ikkje uvanleg for Norangdalselva. Fisket plar vere best mot slutten av sesongen.