Det er sommar på Urke, og Dorit Rønning (59) har det travelt. Ho er dagleg leiar for Urke landhandel, og med det følgjer ansvaret for både butikken og Urke Camping. Det er eit arbeid Dorit kosar seg med. Er det noko som gler henne, er det å sjå at Urke-bygda blømer. For det har det gjort dei siste åra.

– Det har skjedd ei endring over få år. Det starta vel med at hurtigruta byrja å kome. Det gav eit stort løft. Folk stilte opp på dugnad for å skape nye attraksjonar. Vi har fått Saksaråsa, Urkeegga, ei slott småbåthamn, Urke kaihus, og campingplassen og butikken går så mykje betre. Det heile heng i hop, seier Dorit.

Greier ikkje å seie nei

Ho er kanskje ikkje den som syner seg mest fram. Men alle på Urke veit kven Dorit er. Ho er altså dagleg leiar for landhandelen og campingen, i tillegg er Dorit oftast til stades når det skjer noko på Urke. Er det eit femtiårsgilde, kan du vere sikker på at Dorit er på kjøkkenet og styrer med maten. Er det ein grendefest eller 17. mai-feiring, er Dorit og hjelper til.

– Eg greier ikkje å seie nei. Slik har det alltid vore. Eg meiner vi skal stille på dugnader. Det er det som knyter bygda saman. Eg er også sikker på at det å vise dugnadsånd, det motiverer yngre til å ta etter. Eg synest det er veldig kjekt at mine og andre born no kjem tilbake til Urke, og hjelper til med å få til ting så ofte dei kan. Det gjer dei sjølv om dei ikkje bur her, og det gler meg, seier Dorit.

Ha har budd på Urke i 38 år. Opphavleg er ho frå Nordreisa i Troms. Ho kom til Sunnmøre, og møtte Jon (Rønning).

– Det var kjærleik ved fyrste blikk. Eg var ung og dum, seier Dorit med ein god latter.

– Nei, eg har trivst godt på Urke. Plassen du bur på vert til det du gjer han til sjølv. Du må innstille deg på at du skal trivast, insisterer Dorit.

Saman med Jon etablerte dei seg på Urke, og har fire born, der alle no er vaksne. På Urke har Dorit arbeidd på fiskeoppdrettet, og dei siste åra har ho vore styrar for butikken og campingplassen.

– Eg byrja vel på butikken i 2005, og tok over som dagleg leiar då Nelly Urke var pensjonist for nokre år sidan. Campingplassen kom til for to år sidan, då vi fann ut at ein oppgradert camping ville vere eit viktig supplement for butikken, fortel Dorit.

For det er det som har vore motivasjonen. Urke-folket såg over fleire år at driftsgrunnlaget for butikken var truga, og utan butikk ville kvardagen verte vanskelegare for mange.

– Då vart det gjort ein avtale med eigarane av campingplassen, slik at Urke landhandel tok over drifta, og gjorde camping- og butikkdrifta felles. Det har vore medverkande til at butikken no går betre. Fjoråret var eit godt år. Då tok det laust, etter at Saksaråsa kom, fortel Dorit.

– Det skjer noko heile tida

No opplever ho at ho må seie nei til folk som ynskjer å bu på Urke Camping.

– Det gjeld dei som ynskjer å leige hytter. Ofte kan det vere fullt, men teltplass skal vi ha til dei fleste, fortel Dorit.

Ho er takknemleg overfor alle dei som har tilhøyregheit til Urke, bur andre stader, men som kjem «heim» for å hjelpe til og skape vekst.

– Det er heilt annleis å bu på Urke no enn berre for nokre få år sidan. På sommaren, frå mai og ut september, skjer det noko heile tida. Framleis kan det vere stille på vinteren, men det er vi vande med, seier ho.

Dorit løyner ikkje at det var nokre år ho og bygdefolket kjende seg ganske så åleine. Det var langt til Ørsta sentrum, på alle moglege måtar.

– Men også dette har vorte betre. Eg kjenner at kommunen bryr seg meir om oss, og no vert vi jamvel brukte i marknadsføringa av kommunen.

Ho har ei seksti prosent stilling som dagleg leiar for Urke landhandel. Den andre tilsette er Trine Bjørke. Når sommaren kjem, innfører butikken sommartider. Dei er litt annleis enn andre stader som differensierer opningstidene mellom årstidene.

– Ja, om sommaren utvidar vi kraftig, med ope frå ti til sytten dagen frå måndag til laurdag, og med søndagsope, fortel Dorit.

Ofte er det ikkje nok, for folk kjem til alle tider.

– Eg plar vere her rundt klokka ni på kvardagane. For då kjem oftast dei fyrste fjellturistane med ferja frå Sæbø, og det er alltid noko dei skal ha, og noko dei ynskjer å vite, fortel Dorit.

Ho er sjølv ikkje den som er mest ivrig i fjella. Likevel vert ho spurt til råds om vegval og fjellruter.

– Difor har eg måtta lære meg litt, og hjelper til så godt eg kan, fortel ho.

Veksten på Urke siste åra har ført til at det har vorte behov for ekstrahjelp, både på kaihuset og på campingen.

– No leiger vi til dømes vaskehjelp på campingen, slik at vi greier å få alt unna, fortel Dorit.

Ein arbeidsdag for Dorit startar med å klargjere butikken, og gjerne vere til stades ein time før opningstid.

– Eg synest vi skal yte såpass sørvis. Det er det vi skal leve av, seier Dorit.

Elles handlar dagen vidare om å vere der for kundane, sjå til at varer er på plass, og styre drifta av campingen. Det kan vere telefonar både morgon og kveld. Vidare administrerer ho utleige av kajakkar og kanoar, som er ein del av tilbodet campingplassen har.

Nokre dagar er det såpass travelt at det kan vere vanskeleg å finne tid til ein pause.

– Her ein dag var det så jamt med folk heile tida, at fyrste pausen vart kl. 13.30. Men eg synest det er heilt greitt.

– Det neste no er oppgradering av butikken. Vi har allereie fått på plass ein kjøkkenkrok, og meir skal kome, fortel Dorit optimistisk.

Med den utviklinga som har vorte på Urke, trur ho på ei god framtid for bygda.

– Eg har vorte glad i Urke. Og eg håper den gleda har smitta over på dei unge, slik at dei skal kjenne same gleda med å vere her, og utvikle nye tilbod. Den gleda trur eg forresten dei allereie har, seier Dorit.