Som busett i Voss og med heimstad og feriehus i Barstadvik, fortel Kåre Nytun at laksefisket i Barstadvik har hatt ein del motgang på grunn av flaumen i august i fjor.

– Det er heilt ubegripeleg kva skadar han har gjort. Sjå her, seier Nytun og peikar fram over elva der me står – om lag 200 meter fram om brua i Barstadvik sentrum.

– Flaumen har rasert elva totalt. Hølane har blitt skylt vekk med dei sterke straumane. Difor er det no mykje dårlegare utgangspunkt for eit godt fiske enn det brukte å vere.

Nytun fortel at dei i Barstadvik har ei fiskekvote på 15 laks per år, eller to per døgn. Han seier at det før flaumen var ein kjempehøl rett nedom brua, og to store lenger framme. No er dei skylt vekk.

– Det har blitt totalt freda frå bru til os. I tillegg er det stengt nattetid. Dette for å bygge opp att stammen med laks i elva.

Han seier at spesielt elveosen var ein fullstendig fiasko etter flaumen sitt inntog.

– Det såg ikkje ut, men all ære til dei som har bygd han opp att.

Optimisme

Nytun fortel at det er om lag ein kilometer framover frå brua at det vert teke mest laks. Her er det i dag tre hølar som har overlevd flaumen på eit eller anna vis.

– Det er ikkje store greiene, men på grunn av forholda med flaumen må me seie oss nøgde.

Kva er den største laksen hittil?

– Eg har fått åtte stykk, der den største var på 4,5 kg. Eg trur det til saman er teke rundt 50 laks i Barstadvik i år.

Vartdal

I Vartdalselva fiskar Inge Garnes. Han fortel om varierande fiskelukke.

– Det har vore lite laks i år, og den har ikkje gått fram i elva. Hittil er min største på 5 kg.

Garnes seier at det er variasjonar i sesongen.

– Det har vore dårleg dei siste 14 dagane, men det var greitt fiske tidleg i sesongen, fortel Garnes.

Fiskesesongen for laks varer frå 15. juni til 1. august.

Råka: – Største hittil i år er på 4,5 kg, seier Kåre Nytun. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
vartdalfisk: Her står Inge Garnes nokre hundre meter fram om brua på Vartdal. – Største fangst hittil i år er på 5 kg. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug