Mannen som døydde i drukningsulukka i Volda onsdag er ein syrisk flyktning som kom til Volda for eitt år sidan. Han har vore elev ved Volda Læringssenter.

– Ulykka er djupt tragisk, seier Marianne Solheim ved Læringssenteret.

Gravferd

I samarbeid med kommunen har ho hjelp slekt og venner av den avdøde med det praktiske i samband med gravferda.

– Det er bestemt at det vert gravferd i Ørsta måndag, der det er ein seksjon som er tilrettelagt for muslimsk gravferd på kyrkjegarden på Askjellhaugen, seier Solheim.

Ho opplyser at den avdøde har ein slektning i Volda, men at familien for øvreg ikkje bur her.

- Han kom til Noreg som flyktning frå Syria, opplyser ho.