– Då me reiste frå Trondheim regna det heile tida, men når me kom hit tysdag kveld, var det berre sol og finvêr å sjå, seier Mathias Gåsbakk Vinjevoll (13).

Då Møre-Nytt møtte dei ved gapahuken i Vikeskåla, hadde dei nettopp vore på hovudtoppen på Saudehornet. Heile familien.

– Det var skummelt og litt bratt, fortel Natalie Gåsbakk Vinjevoll (11).

– Me er i grunn ein friluftsfamilie, så me er glade i å gå i fjellet. Men så er det herleg å kome seg til fjells når det er slikt eit vêr då, seier far Ole-Petter Vinjevoll.

Vinjevoll fortel om at dei har planar om bading, grilling og morgonfjellturar, som til dømes på Lidaveten.

– No etterpå skal me rett inn i badekulpen ovanfor vassmagasinet, så det skal bli godt å kjøle seg av.

Familien hadde god «timing» når det gjaldt vêret.

– Det er herleg med varme. No er det perfekt temperatur, for det må ikkje vere for varmt heller, seier Sondre Gåsbakk Vinjevoll (15).

Familien bur no i Tiller i Trondheim, men far Vinjevoll er frå Hovdebygda.

Solskinshistorie

Opp vegen kom tidlegare alpinist Asbjørn Myklebust gåande, og idèt Møre-Nytt får stoppa han, er han klar med ei god historie frå gamle dagar.

– Det var ein vinter for mange år sidan. Det hadde frose på skare om natta, og eg og diverse andre frå «slalåmgjengen» bar dei 2.20 meter lange slalåmskia med lange reimar heilt til topps på Saudehornet. Då me var komne til topps, hadde sola smelta mykje snø. Me spente på oss skia og begynte å renne. Berre eit lite stykkje på veg høyrde eg ein slags «slush»-lyd. Då losna heile Saudehorn-sida, og me køyrde i levande snø heile vegen ned. Det er ei oppleving eg aldri gløymer. Eg vil ikkje kalle det eit skikkeleg ras, for det var ikkje så djupt at nokon vart tekne. Men me var alpinistar heile gjengen, så me takla det godt.

Myklebust minnest alpinrenna i gamle dagar.

– Me hadde skirenn ned Vallahornet. Det var kupert, og veldig spanande å køyre i jøla. Det var ein mykje artigare idrett enn å køyre sikksakk på stovegolv, slik dei gjer i dag, meiner Myklebust.

– Men «dei» har no lova fint vêr ei veke no, så det må bli bra, skyt han inn.

Bading på Rjåneset

Det er mange som har venta på sommarvêret, og onsdag drog Mailene Almklov Kvalsvik og Kjetil Kvalsvik til Rjåneset for å nyte finvêret.

– Vi har vore to veker i Spania med godt vêr, men det er godt med norsk sommar. Vi har vore heime i ei veke og fått med oss det dårlege vêret og har venta på sol i Noreg, sa Mailene.

Borna Daniel og Natalie testa badetemperaturen i sjøen onsdag. Sjølv om det i lufta kraup oppover mot tjue varmegrader var dei raske med å innrømme at det var litt kaldt i sjøen.

Ved Vatnevatnet var det fleire som hadde samla seg på den kommunale badeplassen i sommarsola.

– Det er på tide og kjempeflott at sommaren endeleg kjem på besøk, sa Kristine Nupen som saman med Emilia Bjørdal hadde teke turen til Vatnevatnet.

Som mange andre har dei vore tolmodige og venta på sola her i Noreg.

– Det er fint her ved Vatnevatnet, og det brukar ikkje å vere altfor mykje folk. Her er fint å sette seg ned og ungane kan bade i vatnet.

Åsmund Brunstad Øyehaug

asmund@morenytt.no

Vatnevatnet: Håkon Jarl Skotte, Jakob Nupen Takseth og Jonas Nupen Takseth kosa seg ved Vatnevatnet onsdag. Foto: Joachim Kroken Åsebø Foto: Joachim Åsebø