Dei siste sesongane har dei største breiddeklubbane Volda og Ørsta samarbeidd om lag i Dana Cup, og det gjer dei også i år. I G17- og G19-klassene skal Volda/Ørsta bite frå seg i år.

– Dette er fjerde året vi har samarbeidslag under Dana Cup. Det er eit samarbeid som fungerer veldig godt og prestasjonane har vore gode i tidlegare turneringar, seier sportsleg leiar Per Endre Woldsund i Ørsta IL fotball.

Gjennom sommaren har laga trent tre gonger i veka, og dei skal vere godt førebudde til turneringsstart 25. juli.

– Laga skal vere så godt rusta som mogleg, og vi har von om gode prestasjonar i turneringa. Målsettinga er at laga skal ta seg vidare til a-sluttspel, men i slike cupar veit du aldri kva du møter. Du kan vere heldig å kome i lett gruppe, men du kan og få ein vanskeleg veg vidare i turneringa.

G17-laget møter Sandnes Ulf, Råde IL og Olympiacos Academic frå USA i gruppespelet. G19-laget har fått Mandalskameratene FK, Sarpsborg FK og Kuala Lumpur Youth S frå Malaysia i si gruppe.

I tillegg til samarbeidslaga stiller Ørsta eige G15- og G16-lag i turneringa. G15-laget møter Kopervik IL, Buchholzer FC (Tyskland) og Ottestad IL. Gruppa til G16-laget består av Madla IL, Castelano Bistrita (Romania) og Eik Tønsberg FB. Volda stiller fem eigne lag i Hjørring. To jentelag, J14 og J17, og tre gutelag, G14, G15 og G16.

Norway Cup

Neste laurdag, 29. juli, er det turneringsstart for Norway Cup. Ørsta stiller med tre jentelag på Ekebergsletta. J14 skal møte Medkila, islandske Stjarnan og KFUM-Kam. Oslo. J15/16 har kome i heilnorsk gruppe med Sogndal, Kvik Halden og Lillesand. J17/18/19 skal spele 7-ar-fotball og møter Ulfstind, Lørenskog og eit samarbeidslag frå Osterøy i gruppespelet. Alle Ørsta-laga speler sin første kamp søndag 30. juli.

I tillegg til laga frå Ørsta IL fotball stiller Sæbø, Hovdebygda og Mork lag i Norway Cup. Det er delar av G14-laget til Sæbø tek del i turneringa og skal spele 7-ar-fotball mot Seljord, Strandebarm og UNRWA Club frå Dei forente arabiske emirater. Sæbø startar turneringa måndag 31. juli. Hovdebygda og Mork har eit samarbeidslag i J15/16. i gruppespelet møter dei Nidelv, Bergen Nord og Manglerud Star. Første kampen til Hovdebygda/Mork er søndag 30. juli.

Sæbø G14: Delar av G14-laget til Sæbø tek del i Norway Cup. Framme frå venstre: Aron, Nikolai, Emil, Hallvard og Kristoffer. Midterste rad f.v.: hjelpetrener Aslak, Vegard, Jo- Martin, Joakim, Trym og trenar Steffen. Bak f.v. Gaute, Andreas, Sebastian, Trym og Kristoffer. Foto: Privat Sæbø G14
Hovdebygda/Mork J16: Bak frå venstre: Solveig Bratten Stennes, Hanna Ingebrigtsen, Elise Moe Finnøy, Rebekka Aarsheim Johnsen, Svea Gretland og Emma Steinnes. Framme frå venstre: Mari Myklebust Ørstavik, Ida Emilie Bjerkvik, Kittiyakorn Charoenchip, Dina Hovde og Katrine Ose. Foto: Privat Foto: Privat