Dugnadsarbeid på Ørsta stadion

Jan Ove Raudøy, leiar for bane- og anleggsgruppa, er ein av dei.

– Det er kjekt å få bidra, men det er ikkje alt som er like kjekt. Som du kan sjå er her mykje søppel og rot slengt ut over, enkelte ting på grensa til hærverk.

I fjor heldt Raudøy på i 200 timar med dugnadsarbeid for Ørsta IL. I år har han bikka 200 timar allereie.

Alle har eit ansvar

– Målet for oss er no å ha eit praktanlegg som er innbydande. Men det krev mykje vedlikehald i seg sjølv, om me ikkje skal rydde opp etter andre i tillegg, fortel Raudøy.

– Me har alle i fotballgruppa eit ansvar, og nokre bør nok gå i seg sjølve. Me er avhengige av at brukarane ser ansvaret, fortel han.

Raudøy påpeikar at foreldra må snakke med ungane sine om problemet, men nemner i same slengen at der er mange flinke ungar.

– Det skal også nemnast at det kan vere eldre typar som er der på kveldstid og helg som har ein del av skulda.

– Det er uansett fortvilande, seier Raudøy.

Paul Kristian Hovden, styreleiar i Ørsta IL er samd.

– Ein god start er å rydde opp etter seg sjølve. Det er greia med å vere eit stort idrettslag: Dersom alle ryddar, er det lite som skal til. Dersom ingen ryddar, blir det veldig mykje på nokre få eldsjeler. Det er situasjonen i dag.

Hovden trur kanskje at ein del av det skjer etter kamp og trening.

– Så enkelt, og så vanskeleg, er det å kaste sakene i boset.

Mange flinke

Men Jan Ove Raudøy vil også trekke fram dei flinke.

– Gutelaget har gjort ein veldig bra jobb med å drage vekk skogsmateriale som me har felt. Dessutan har Ola Lingås har gjort ein formidabel jobb med handikap-rampa.

Dagleg leiar Arnstein Sandvik skryt av sine fire arbeidsmenn.

– Karsten Aarseth, Ola Lingås, Jarl Remøy og Jan Ove Raudøy er fire mann som fortener heider og ære for å ha stilt opp i sin eigen ferie, tusen takk. Dette er eldsjeler som har gjort eit omfattande arbeid for at Ørsta Idrettslag kan ha eit anlegg som ser bra ut, noko som er veldig viktig.

Handikap-rampe: Jan Ove Raudøy er stolt over arbeidet Ola Lingås har gjort med å få i stand ei rampe som gjer det mogleg å sjå fotball for alle. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug
Rot: Slik såg det ut på kunstgrasbana førre fredag. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug