Rekneskapane for begge fartøya er lagt fram, og viser at 2016 var eit godt år for fiskarane og fiskebåtreiarane. «Granit» er eigd av Halstensen-rederiet i Austevoll, men har framleis lokalt mannskap.

Gevinst på sal

Trålaren hadde inntekter på 186 millionar kroner, og eit resultat før skatt (overskot) på 83 millionar kroner. Av dette er 45 millionar gevinst på sal av den tidlegare Vartdal-båten til utlandet.

– Vi selde «Granit» for atskilleg meir enn vi hadde rekna med. Det skuldast at kjøparen hadde eit desperat behov for mjølfabrikk om bord og vi var dei einaste som hadde det, seier reiar Inge Halstensen til FiskeribladetFiskaren.

Gode torskeprisar

«Granit» fiskar kvitfisk, der spesielt torskeprisane har vore gode, samstundes som låg oljepris reduserer utgiftene.

– Det slår ut i fiskeria når oljeprisane er låge og vi får betydeleg kostnadsreduksjon i drifta. Det gjorde at vi fekk eit greitt år i fjor, seier Halstensen.

Sidan rederiet står utan båt er det lite drift for «Granit» i år, men ein ny «Granit» er snart klart for levering frå verftet.

«Sæbjørn»

«Sæbjørn» er ein ringnotbot/kolmuletrålar og her har prisane vore meir variable, spesielt på sild. Likevel vart det eit driftsresultat på 28,5 millionar kroner, noko som er over halvparten av fiskeriinntektene på 53 millionar.

–Vi er veldig godt nøgde. Det gode resultatet kan forklarast med at vi har ein nedbetalt båt og ikkje minst ein lettstelt og effektiv båt som vi driv godt, seier Bjørn Sævik til FiskeribladetFiskaren.

Han er hovudaksjonær i rederiet saman med broren Kjell.

– Vi trenger ikkje å vere urolege for det økonomiske både med tanke på dei verdiane som selskapet har, innteninga, kostnadsnivået i drifta og den låge lånegjelda, seier Bjørn Sævik.

Omsetnaden på 53,3 millionar gjer 2016 til eit rekordår. Også overskotet på 28,7 millionar før skatt er ny rekord for rederiet, som eig den siste lokalt eigde havfiskebåten på Vartdal.