Når bygginga av fleirbrukshallen startar er klubbhuset til Ørsta IL rive. I byggjetida for fleirbrukshallen må Ørsta kommune skaffe erstatningslokale til idrettslaget. I tillegg til klubblokale skal modulbygget romme fotballfritidsordninga til Ørsta IL fotball.

Kommunen har no lyst ut tilbod på modulbygg som erstatning til klubbhuset i byggjetida. Rivinga av klubbhuset vil skje i august, og den forventa leigetida er sett til november 2018, cirka seksten månader.

I tilbodet som kommunen har sendt ut vert det spesifisert plassering av modulbygget.

– Modulbygget skal plasserast mellom eit allereie eksisterande modulbygg og eit idrettsbygg (Kiwi-hallen). Kravet er at det skal vere åtte meter mellom kvart av bygga. Det er difor viktig at maks breidde på leigd modulbygg ikkje overstig ti meter.

Modulbygget skal innehalde stort møterom, lite møterom, kontor, lite kjøkken, garderobe og to toalett. Til saman skal bygget vere på om lag 145 kvadratmeter.