Det er Fylkesmannen i Møre og Romsdal som fordelar desse midlane etter søknad frå kommunane sjølve.

I Ørsta er Nav-tenestene organiserte slik at dei kommunale sosialtenestene er underlagt Nav-kontoret for Ørsta og Volda.

Midlane til Ørsta kommune skal brukast i tilknyting til bustadtenestene.

I søknaden frå Ørsta kommune heiter det at målet med tiltaket er å få på plass betre rutinar, betre samhandling, i tillegg til avklaring av ulike samarbeidspartar sine roller/ansvar i det bustadsosiale arbeidet.

– Vi ynskjer å oppnå felles forståing og målsetting i Nav og kommunen, i tillegg til samstemt innsats frå aktuelle aktørar/samarbeidspartar. Vi ynskjer også å få på plass rutinar for betre gjennomstrøyming i dei kommunale bustadene. Dette vil frigje fleire bustader til dei som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, heiter det i søknaden.