Endre Sætre søkte om fritak for buplikt i samband med at han overtek eigedommen på Sætre ved Finnes. Han grunngav dette med at det var naudsynt for å kunne gje plass til næringsutvikling i form av hytteutleige og utleige av husrom.

Landbruksnemnda sa nei. Nemnda gav Sætre fritak frå buplikta i tre år, men kravde deretter buplikt for at han skulle få konsesjon til overtakinga av familiegarden.

No opphevar Fylkesmannen i Møre og Romsdal vedtaket. Dette vert grunngjeve med at kommunen og landbruksnemnda i handsaminga av saka ikkje i tilstrekkeleg grad har vurdert alle sider av kravet om buplikt. Då peikar fylkesmannen spesielt på ordninga med upersonleg buplikt. Det vil seie at buplikta ikkje vert personleg knytt til Sætre, men at det vert stilt krav om at buplikta kan oppfyllast med utleige.

– Med opplysningane gjeve frå kommunen og klagar finn Fylkesmannen det uklart kva begge kan akseptere av vilkår om upersonleg buplikt, heiter det i vedtaket til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Saka vert difor sendt tilbake til Ørsta kommune for ny handsaming.

– Vi understrekar at klagaren ikkje er gitt medhald i det som gjeld realiteten i saka, men at kommunen må ta stilling til konsesjonssøknaden på nytt, heiter det frå fylkesmannen.

– Vi er veldig glade for at fylkesmannen krev ny handsaming. Vi har lagt til merke det han skriv om upersonleg buplikt, men også at han peikar på landbruksnemnda heilt tydeleg ikkje har vurdert alle momenta eg har kome med i søknaden, seier Endre Sætre til Møre-Nytt.

Han håper no på ein god dialog med både landbruksadministrasjonen og medlemmene i landbruksnemnda.

– Særleg håper eg det vert ein god dialog med leiaren for landbruksnemnda (Ola Perry Saure red. merk). Han er eit særleg ansvar for å få denne saka på plass.

– Sætre er tydeleg på at upersonleg buplikt vil vere noko sekundært for han.

– Vi ynskjer fritak frå buplikta. Då får vi føreseielegheit til å drive med turistsatsing slik vi ynskjer. Vi har jo også merka oss at den nye masterplanen for reiseliv tydeleg seier at når det skal satsast på turisme, må det vere heilhjarta, seier Sætre.