Etter meir enn 20 år på vegen er Vassendgutane framleis trekkplaster på konsertar. Og dei sel plater også.

Årsresultatet for 2016 viser ein omsetnad på 12,7 millionar kroner, noko som er litt over resultatet for 2015.

Overskotet før skatt bikkar akkurat fire millionar.

– Vi er godt nøgde med resultatet. Eg brukar å seie at vi no har til pylsa i brødet. Før hadde vi berre til brødet, seier Rune Brautaset, som er styreleiar i Vassendgutane AS.

Rekneskapen viser at Vassendgutane er eit botnsolid selskap, med over ni millionar i bankinnskot.

– Vi har ikkje tatt ut meir i utbyte enn det vi synest er passeleg. Og det er godt å ha litt i bakhand. Om til dømes bussen ryk, så går det fort to-tre millionar til ein ny. Vi likar ikkje å ta opp banklån, seier Rune Brautaset.

Vassendgutane AS er å rekne som ei mellomstor bedrift, med i alt 11 årsverk.

– Dei fleste har hovudinntekta frå spelinga og konsertane, seier Rune Brautaset.

Nok å gjere

Suksessen for køntribandet frå Åmdalen ser ikkje ut til å ha ein ende.

– Det er nok å gjere. Vi er veldig godt nøgde med at vi framleis har så mange spelejobbar. Men vi tar eitt år i slengen, seier Rune Brautaset.

Av overskotet for 2016 er 1,1 millionar tatt ut i utbyte. Etter skatt er det attende 1,9 millionar som vert overført til eigenkapital.

Vassendgutane AS er selskapet til dei fire som skipa bandet, Rune Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal.