Konsernrekneskapen viser eit resultat etter skatt (overskot) på 66,6 millionar kroner. Sjølve driftsresultatet var på 95 millionar, noko som er ei tredobling frå 2016.

–Resultatet er OK, seier ein nøktern Ottar Vartdal, som er hovudeigar og dagleg leiar.

Gode prisar

Dei gode lakseprisane forklarer mykje av det gode resultatet.

–I lakseoppdrett er det slik at med gode prisar, grei produksjon og flinke folk på anlegga så blir resultata gode, seier Ottar Vartdal.

Omsetnaden i fjor var på 305 millionar kroner, mot 119 millionar året før.

–Mykje av slaktinga skjer før jul, så det er litt tilfeldig i kva for årsrekneskap inntektene vert ført. Det forklarer det meste av skilnaden på årsomsetnad, seier Ottar Vartdal.

Investerer i anlegg

Det er 45 tilsette i konsernet, som omfattar matfiskanlegg, settefiskanlegg og slakteri. På Vartdal har selskapet bygd ein stor hall, der settefisken kan vekse seg stor før den vert sett ut i sjøen. På denne måten vert risikoen for sjukdom og svinn redusert.

–Vi har fisk i kara i hallane, men utbygginga er enno ikkje heilt ferdig. Elles så satsar vi mykje på å førebu alle operasjonane, samt å oppgradere og skifte ut mange ting på anlegga. Vi vil at alt skal vere tipp topp før neste nedgangsperiode kjem. Då kan vi heller ta kostnadene mykje ned ein periode. Eg er ikkje så naiv at eg ikkje trur det kan kome ein nedtur, seier Ottar Vartdal.

Dyr lus

På utgiftssida er det spesielt ein post som tyngjer. Det gjeld handtering av lus.

–Det vi alle slit mest med om dagen er å klare dei knallharde lusekrava frå styresmaktene. Det er kjempekrevjande for alle. For vårt oppdrettsselskap sin del kosta dette i fjor om lag 30 millionar kroner. I dette ligg sjølvsagt også store mulegheiter framover for forbetring. Vi jobbar heile tida svært aktivt med det, seier Ottar Vartdal.

Saman med fleire andre oppdrettsselskap har Vartdalgruppa leigd brønnbåten Ro Server, og installert eit avlusingsanlegg som nyttar temperert vatn som avlusingsmiddel.

–Vi har ein Termolicer, der fisken vart bada i vatn som held 33 grader. Resultata er fantastiske, seier Ottar Vartdal.

Ottar Vartdal er hovudeigar og dagleg leiar i Vartdalgruppa Foto: Arkivfoto