Det går fram av avtalen som er teikna mellom Telenor og Ørsta kommune om dette.

Telenor vann i mai tilbodet om å byggje ut mobiltelefonsambandet i Skjåstaddalen og i Bjørke-området. Delar av Skjåstaddalen er heilt utan dekning, medan ho andre stader er svært dårleg.

Kontrakten med Telenor gjeld utbygging av ei mobilmast på Raudstad som skal gje dekning i sjølve Skjåstaddalen, der det no ikkje er dekning.

Vidare omfattar avtalen opsjonar på oppgradering av ei eksisterande mast på Saure og utbygging av samband i Leiratunnelen. Desse opsjonane er gjeldande til inntil seks månader etter at mobilstasjonen på Raudstad er sett i drift.

Budsjettert

Ørsta kommune har sett av ein million kroner i budsjettet for 2017 til å dekkje utgiftene til mobildekning i Skjåstaddalen. Kontrakten om utbygginga av mobilmasta på Raudstad er på 1,05 millionar kroner.

Dersom opsjonane for Saure og Leiratunnelen skal verte realiserte, vil det medføre ei utgift på 1,5 millionar kroner for kommunen.