Det seier Magnar Selbervik, miljøvernkonsulent i Ørsta kommune.

– Meldingar har strøymt inn av folk som er oppgitt av at svært mange finn seg felles plassar rundt omkring å tippe avfallet på.

– Problemet er at når folk gjer dette, forureinar ein naturen med artar som ikkje skal vere der, og som utryddar andre artar, seier Selbervik.

Eit kjempetilbod

Arnstein Nupen, rådgjevar i Ørsta kommune, har løysinga.

– Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR) er eit kjempetilbod. Det er gratis, og me ønsker at folk skal kaste hageavfallet sitt her. Alternativt kan ein også ta seg nytte av heimekompostering, der poenget er at lys og luft ikkje slepp så godt til, som unngår gode vekstvilkår for «ugraset».

Selbervik legg til at heimekompostering er ikkje å kaste det over gjerdet, men å sørge for at det får dårlege vekstvilkår, til dømes i ein komposteringsbinge.

Har forandra seg

– Før me hadde VØR, så heiv folk det rett i elva, og så tok flaumen det. Det er fortid, no har me eit skikkeleg tilbod.

Han poengterer også at kommunen ikkje er ute etter å henge ut nokon.

– Det er me absolutt ikkje, men no kjem me no med ei oppmoding om å ikkje gjere det – sjølv om andre måtte gjere det. Dette er altså ikkje OK å berre gjere.

Han fortel at der er opptil fleire ulemper med denne type tipping av avfall.

– Det spreier svartelista planter, born kan ikkje leike i slike område og dessutan ser det ikkje så bra ut heller.

Skal lite til

Når det gjeld spreiinga, opplyser Selbervik om at det lokalt er pestrot, slirekne og lupinar som er hovudutfordringa.

– Det skal berre ein liten stilk av ein lupin til for å spreie dette i eit større område, og det tek årevis å bli kvitt. Difor må me no ta det når det enno er på eit handterleg nivå.

Selbervik seier at han sjølv var på Island for noko sidan, der lupinane stod i kilometervis langs vegane. Dei hadde då utrydda mange andre planter i sin eigen framvekst.

røvarane: Her er dei tre verste lokale røvarane som stel fram- veksten til andre planter. Frå venstre: Lupin, slirekne og pestrot. Foto: Åsmund Brunstad Øyehaug