Utstilling: Olav Grimstad sine bilete vert å sjå under sommarutstillinga på Kunsthuset i Ørsta. Katharina Teige Førde vil stille ut teikningar på Kunsthuset.

Utstilling: Olav Grimstad sine bilete vert å sjå under sommarutstillinga på Kunsthuset i Ørsta. Katharina Teige Førde vil stille ut teikningar på Kunsthuset.

Sommarutstilling på Kunsthuset i Ørsta

Søndag 16. juli opnar Volda og Ørsta Kunstlag ny utstilling på Kunsthuset. Denne gongen er Olav Grimstad og Katharina Teige Førde utstillarar.

– Dette blir ei sommarutstilling med stor spenst. Olav Grimstad stiller ut akvarellar i første etasje, medan Katharina Teige Førde presenterer teikningar og skulpturelle objekt i streng i andre etasje. I praksis blir det to separatutstillingar, heiter det i ei pressemelding ifrå styret i kunstlaget.

Olav Grimstad

Olav Grimstad er oppvaksen i Ørsta, men har sidan 1977 budd og arbeidd i Hurum ved Oslofjorden. Der har han ved sidan av akvarellmalinga undervist i forming i ungdomsskulen. Han driv også sitt eige kunstgalleri og antikvariat. Den kunstnarlege utdanninga si har han frå kunststudium ved Manger Fylkesskule, Formingslærarskulen i Bergen og Universitetet i Oslo. Utover dette er han autodidakt i akvarellmaling, og har etter fleire tiår i faget opparbeidd ein grundig erfaringsbakgrunn og rutine.

Grimstad har teke del i ei lang rekke utstillingar sidan debuten i Ørsta i 1977. Fleire kommunar har kjøpt arbeida hans, og han har designa mange større og mindre grafiske arbeid, hefter, brosjyrer, plakatar, logoar og liknande. Han har også utført bokillustrasjonar. Grimstad fekk i 2004 Dan Anviks minnefonds ærespris og Hurum Kommunes kulturpris.

Katharina Teige Førde

Katharina Teige Førde bur i Ørsta. Ho tok mastergrad ved Kunsthøgskulen i Bergen, avd. for kunsthandverk og design i 1997, og ho har delteke på fleire separatutstillingar og kollektivutstillingar. Kunsten hennar er innkjøpt av både av Kulturrådet og Høgskulen i Volda. Ho har også bidrege med utsmykking av Kunnskapsparken i Molde. I 1998 fekk ho statens arbeidsstipend for yngre kunstnarar.

Om arbeidsprosessen fram mot utstillinga fortel Teige Førde at ho etter mange års tørke på teiknefronten har funne igjen gleda ved å teikne og opplever at ho gjennom teikninga kan leike seg, vere humoristisk, bruke grafisk presisjon og til tider nesten lage karikaturar. Alle teikningane er av menneskekroppen, menn og kvinner.

– Eg opplever at det å teikne kroki er som å gå inn i ein slags meditativ tilstand, der ein blir oppteken av å gjengi det ein ser, ikkje korleis andre menneske ser ut. Kroppsidealet forsvinn.

I tillegg til teikningar på papir, har Katharina Teige Førde også brukt stålstreng som teiknemedium.

Sommarutstillinga, som heng oppe til 12. august, er open kvar dag med unntak av søndagar i juli. I august er kunsthuset ope torsdag til laurdag.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.