Ørsta kommune presiserer overfor Inge Kolås at han ikkje får lagre material til næringsverksemda si på eigedommen i Follestaddalen.

Nyleg fekk Kolås varsel om eit pålegg om å fjerne avfall frå eigedommen, i samband med at det vart brent jonsokbål der.

Kolås la seg heilt flat, og bad om orsaking for at det vart fyrt på eit jonsokbål uløyves på eigedommen. Han presiserte overfor kommunen at noko av det som vert skildra som rivingsavfall er material som firmaet hans nyttar i ymse restaureringsprosjekt.

Ørsta kommune presiserer overfor Kolås at garden hans i Follestaddalen er definert som landbrukseigedom, og at det då berre er lov til å lagre material frå vedlikehald av eigne bygningar.

Han må altså finne ein annan stad for lagring av slikt material.