– Onsdag kveld og natt til torsdag regna det så mykje at Bondalselva vart altfor stor. Det er på grensa til flaumelv, og alt vatnet som kjem ned fjellsidene og går over markane, tek også med seg mykje naturgjødsel. Dermed er elva brun, og laksen bit ikkje, seier Paulsen.

Men han klagar ikkje, for regnvêret vil gje seg, og Paulsen har opplevd ein god sesong i Bondalselva til no.

Ny pers

I førre veke sette han personleg rekord i Bondalselva. Då fekk han ein laks på 10,4 kilo.

– Eg var i Bruhølen på Frøland. Der beit han, og det vart ei strid tørn. Eg brukte tre kvarter på å lande fisken, fortel Paulsen.

Han karakteriserer fisket i Bondalselva som godt så lang.

– I første delen av sesongen var det mykje laks, og snittet på landa fisk ligg på fire til fem kilo. Det har også vorte teke storlaksar på ti til tretten kilo, og dette er stor fisk til Bondalselva å vere, seier Paulsen.

Dei siste dagane har det ikkje vorte fiska så mykje, men rapportane seier at det er ein del fisk i fjorden og i osen.

– Elva er svært stor no, og dessutan skita. Håpet er at straks den verste flaumen har gitt seg, vil det gå opp mykje fisk, seier Paulsen.

Han prøvde seg sjølv i Bondalselva torsdag morgon, men gav seg etter ein og ein halv time, utan fangst.

– Det vart kort og godt altfor vått, seier han.

Pjakk

Paulsen gler seg over at det dei siste dagane har vorte sett mykje pjakk, altså laks under tre kilo.

– Bondalselva er tradisjonelt ei pjakkeelv, og pjakken høyrer heime her.

Difor håper han at regnvêret vil gje seg noko, slik at det vert ein ny oppgang av fisk i elva.

– For den fisken som gjekk opp i juni, han har anten kome seg opp til gyteplassane oppe i dalen, eller han ligg i frysarane, seier Paulsen med eit smil.

At det har regna mykje siste dagane, stadfestar observasjonane frå Eitrefjell målestasjon. Der viser målingane at det kom 27,6 mm nedbør på eitt døger, frå onsdag 12. juli kl. 08.00 til torsdag 13. juli, kl. 08.00.