– Vi kallar dei spionar, og desse vil vi ikkje ha i elva, seier styremedlem Sindre Moe i Ørstaelva elveeigarlag til Sunnmørsposten.

Han siktar til er pukkellaks, som det er fiska fire av til no i sesongen.

Pukkellaks er ein russisk laks som kjem nedover norskekysten og går opp i elvane. Sidan tidleg 2000-tal har fleire eksemplar vorte fanga i elver i Finnmark, og i 2013 vart det fanga ein så langt sør som i Drammenselva.

Laksesesongen i juni var bra i Ørstaelva. Det vart fanga om lag 200 fisk, der den største var 12 kg.

Dei siste dagane har også Ørstaelva vore stor, men det har ikkje kome like mykje regn i nedbørsfeltet som i Bondalen. Det gjer at det er optimisme, og det er observert laks som ventar på å kome seg opp i elva.