Det får Møre-Nytt stadfesta hos Widerøe. Det var i førre veke det vart kjent at Widerøe måtte kansellere fleire avgangar i sommar grunna mannskapsmangel. Feriekabalen gjekk ikkje opp.

– Vi seier oss svært leie for at det vert nokre kanselleringar på nokre av avgangane våre kring om i Noreg i sommar. Det er alltid leitt når reisande vert råka av slikt, seier Silje Brandvoll, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Widerøe.

Ho poengterer at alle passasjerar som er råka av kanselleringar har fått vite om dette via tekstmeldingar (SMS).

– I desse tekstmeldingane vert det foreslått alternative reiseopplegg, fortel Brandvoll.

– Viss folk har tinga reise hos Widerøe i sommar, og ikkje fått slik tekstmelding, vil flyreisa gå som normalt, seier Brandvoll.

Når selskapet såg at dei måtte kansellere nokre avgangar, har dei leitt etter dei avgangane som har færrast passasjerar.

– Dette for at så få som mogleg vert råka. Her skal det ikkje vere skulekorps eller fotballag som vert sitjande att på flyplassen, seier Brandvoll.