9.548 søkarar: Totalt har 9.548 søkjarar fått tilbod om plass i 1.inntaket til dei vidaregåande skulane. Arkivfoto
(Foto: Janne-Marit M. Falch)

9.548 søkarar: Totalt har 9.548 søkjarar fått tilbod om plass i 1.inntaket til dei vidaregåande skulane. Arkivfoto Foto: Janne-Marit M. Falch

Førsteinntaket for VGS er klart

9.548 søkarar har fått tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal for skoleåret 2017/2018.

I 1. inntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på 1. inntaket er 14. juli.

Etter 1. inntaket er det 162 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 62 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 44 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er noko mindre enn dei siste åra.

– Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir køyrt ca. 7. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skuleplass til skulestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skuleplass, seier Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire Vg1-tilbod. Det gjeld for eksempel elektrofag og idrettsfag.

558 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass. Dette er om lag på same nivå som i fjor. Dersom vi reknar alle som har rettar, er 748 ungdom formidla, seier Brekken.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Timålssiger

Braksiger for Ørsta på heimebane.

Framtida for Bjørke

Stiller på møte

Både Hornindal og Volda kommune kjem til å stille på folkemøtet på Bjørke 27. september, sjølv om dei meiner Ørsta går feil fram i saka.

Delte meiningar om kommunetilhøyrsle Stryn/Volda:

Men fleirtalet meiner Kjøs skal til nye Volda

– Prioriterer Vartdal i risikoanalyse

– Vi jobbar med ein risikoanalyse, og etter det som skjedde på Vartdal, vil vi prioritere dette området først.

PP-tenesta i Ørsta og Volda kollapsa

Skal ha vore lamma av konfliktar i minst to år.

Kinoen stengd

Må stenge kinoen i Ørsta

Ørsta kino opna dørene etter ombygging fredag. No er kinoen stengd.

- Ordbruken frå sakshandsamaren burde vore moderert

Rådmannen meiner sakshandsamar i kommunen brukte for harde ord i korrespondanse med Yngve Dale.