I 1. inntaket er det nesten berre søkarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for elevane å svare på 1. inntaket er 14. juli.

Etter 1. inntaket er det 162 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 62 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 44 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er noko mindre enn dei siste åra.

– Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir køyrt ca. 7. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skuleplass til skulestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skuleplass, seier Erik Brekken. Det er ventelister for å få plass på fleire Vg1-tilbod. Det gjeld for eksempel elektrofag og idrettsfag.

558 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass. Dette er om lag på same nivå som i fjor. Dersom vi reknar alle som har rettar, er 748 ungdom formidla, seier Brekken.