Smalt: Osbrua på E39 gjennom Ørsta sentrum er smal, og det blir svært trongt når to store køyretøy. Arkivfoto
(Foto: Ørsta kommune)

Smalt: Osbrua på E39 gjennom Ørsta sentrum er smal, og det blir svært trongt når to store køyretøy. Arkivfoto Foto: Ørsta kommune

– Stort behov for utviding og forsterking av Osbrua

Sjåførgruppa i Nettbuss Furene er uroa for at det skal skje trafikkuhell med større køyretøy på Osbrua i Ørsta. Ordførar Stein Aam er glad for engasjementet til sjåførane.

I eit brev til ordføraren i Ørsta peikar sjåførgruppa i Nettbuss Furene på at den smale Osbrua lenge har vore eit problem for tungtrafikken. Når to tunge køyretøy møter kvarandre på brua, er det berre så vidt det er klaring når begge køyretøya har hjula på kvitstripa.

– Rutinen blant lokale sjåførar av tyngre køyretøy er at den eine ventar til den andre har passert. Denne rutinen har ikkje sjåførar som er ukjende i området og som er på gjennomreise, skriv Stig Vinjevoll, leiar i Yrkestrafikkforbundet si lokale avdeling i brevet til ordføraren i Ørsta.

Ordførar Stein Aam er glad for engasjementet til sjåførgruppa.

– Vi arbeider med å få til ei langsiktig løysing for Osbrua. Som du kjenner til er akseltrykket på brua på ti tonn, men effektiv breidde er berre 5,20 meter. Brua er frå 1930 og har stort behov for utviding og forsterking. Dette vil også tilseie stort behov for fortau og gang- og sykkelfelt på begge sider av brua, skriv ordføraren i svaret til Yrkestrafikkforbundet.

Trafikken over Osbrua er stor, og dei siste målingane viser ein årsdøgntrafikk på meir enn 12.900 køyretøy. Mykje av denne trafikken er tyngre køyretøy.

Aam understrekar at kommunen vil ta kontakt med Statens vegvesen så snart ferien er over, og be dei sette opp skilt om smalare veg ved Osbrua.

I tillegg til Osbrua er Høgebrua løfta fram som problematisk av Yrkestrafikkforbundet.

– Dette er ein vanskeleg flaskehals for oss som køyrer buss. Når vi kjem frå Ørsta mot Sæbø, må vi legge oss heilt over i motsett køyrefelt for å klare svingen. Det er difor svært bra om ei ny bru her blir prioritert av fylkespolitikarane, har Vinjevoll tidlegare sagt til Møre-Nytt.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Vi arbeider med å til ei langsiktig løysing for Osbrua

Stein Aam
Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.