Steinblokka på vel ein kubikkmeter sperra eine vegbana ved Sørheim.
(Foto: Anders Håskjold)

Steinblokka på vel ein kubikkmeter sperra eine vegbana ved Sørheim. Foto: Anders Håskjold

Steinblokk hamna på riksvegen

Ei steinblokk sperra eine vegbana på riksveg 653 ved Sørheim natt til torsdag.

Onsdag kveld gjekk eit steinsprang på Sørheim. Ei stor steinblokk sperra ei køyrebane på riksveg 653 Eiksundsambandet.

Det var Anders Håskjold som oppdaga steinspranget.

– Eg hadde vore ein tur i Ulsteinvik, og kome ut frå tunnelen ca. 23.45. Etter kanskje ein halv kilometer frå tunnelopninga, såg eg noko i vegbana. Eg trudde fyrst at det var eit dyr, men såg at det var ei stor steinblokk, fortel Håskjold.

Politiet vart kontakta

Han kontakta då politiet, som igjen fekk tak i entreprenør for å rydde vegen. Ein hjullastar kom etter om lag ein og ein halv time.

I mellomtida stod Håskjold ved steinblokka, og hadde naudlys på bilen, slik at køyrande kunne sjå at eine vegbana var sperra av steinblokka.

– Det var tydeleg spor etter steinblokka i terrenget ovanfor, fortel Håskjold.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Timålssiger

Braksiger for Ørsta på heimebane.

Framtida for Bjørke

Stiller på møte

Både Hornindal og Volda kommune kjem til å stille på folkemøtet på Bjørke 27. september, sjølv om dei meiner Ørsta går feil fram i saka.

Delte meiningar om kommunetilhøyrsle Stryn/Volda:

Men fleirtalet meiner Kjøs skal til nye Volda

– Prioriterer Vartdal i risikoanalyse

– Vi jobbar med ein risikoanalyse, og etter det som skjedde på Vartdal, vil vi prioritere dette området først.

PP-tenesta i Ørsta og Volda kollapsa

Skal ha vore lamma av konfliktar i minst to år.

Kinoen stengd

Må stenge kinoen i Ørsta

Ørsta kino opna dørene etter ombygging fredag. No er kinoen stengd.

- Ordbruken frå sakshandsamaren burde vore moderert

Rådmannen meiner sakshandsamar i kommunen brukte for harde ord i korrespondanse med Yngve Dale.