Tiltalen mot mannen i 20-åra inneheld ni hovudpunkt. I november i fjor skal ha teke seg inn i ein privatbustad i Volda kommune og stal ein forsterkar medan familien låg og sov. Nokre dagar seinare skal mannen ha teke seg inn i Eid kyrkje ved å knuse eit vindauge. Inne i kyrkja tømte han eit brannsløkkingsapparat slik at store delar av kyrkja vart dekt i pulver. Fleire av pipene i kyrkja sitt orgel vart bøygde eller knekt, i tillegg til at ei oljeliknande veske vart sølt fleire stadar i orgelrommet og på sjølve orgelet. Ifølgje tiltalen er kostnadane på skadeverket stipulert til ein million kroner.

Mannen er tiltalt for å ha rasert to leilegheiter i Volda kommune i mars i år. Vindauge og dører skal ha blitt knust i tillegg til at sikringsskap og inventar vart øydelagt. Kostnaden for skadeverket er stipulert til 100.000 kroner.

I samband med arrestasjonar er mannen tiltalt for å forsøke å skalle til og sparke ein politibetjent. Ved eit anna høve sparka mannen ein politibetjent i kneet i tillegg til han kom med ei rekkje trugslar, inkludert drapstrugslar, mot to politibetjentar.

Ved tre høve i Volda er mannen tiltalt for vinningskriminalitet. Mannen skal ha stole varer frå to daglegvarebutikkar, i tillegg til at han skal ha stole medisinar frå Volda sjukehus.

I oktober i fjor skal mannen ifølgje tiltalen ha oppbevart 15,22 gram med hasj.

Mannen er tiltalt for tre brot på straffelova paragraf 271. I november i fjor skal han teke tak i ein vektar som var i ferd med å stoppe ein slåstkamp og skubba han bakover mot ein vegg. Mannen skal ha klora ein tilsett i ein butikk på overarmen og på halsen. Dette skjedde i samband med at den tilsette prøve å stoppe den tiltalte frå å gjere eit tjuveri i butikken.

Mannen er og tiltalt for å ha oppbevart mindre mengder narkotika i august 2016, for å vere utagerande og skremmande overfor gjestar på ein utestad og for å ha tilsmussa ein politibil i mars i år.

Den tiltalte mannen sit no i varetekt. Saka skal handsamast i Søre Sunnmøre tingrett i september. Det vil bli lagt ned påstand om erstatning frå ulike partar i saka på i overkant av 1.250.000 kroner.