PLANLEGGING: Representantar frå dei sju kommunane samla til planleggingsmøte Ii Vanylven tidlegare i år: Nærast til venstre og vidare rundt bordet sit Laila Fjørtoft Sandanger, Solgunn Høyvik Moltubakk, Perdis Skarmyr, Magni Vildalen, Hanne Morseth, Arild Steinnes, Elin Høydal Vatne, Anniken Kessler Myrvang og Therese Herstad. Jens Lillebø og Oddrun Kobbevik Oldeide var ikkje til stades då vi tok biletet.

PLANLEGGING: Representantar frå dei sju kommunane samla til planleggingsmøte Ii Vanylven tidlegare i år: Nærast til venstre og vidare rundt bordet sit Laila Fjørtoft Sandanger, Solgunn Høyvik Moltubakk, Perdis Skarmyr, Magni Vildalen, Hanne Morseth, Arild Steinnes, Elin Høydal Vatne, Anniken Kessler Myrvang og Therese Herstad. Jens Lillebø og Oddrun Kobbevik Oldeide var ikkje til stades då vi tok biletet.

Byd inn til nytt kurs for pårørande

«Ta tak» er eit gratis kurs for pårørande til folk som slit med psykiske vanskar eller er avhengige av rus. Til hausten byr kommunane på Søre Sunnmøre inn til seks kurskveldar i Vanylven.

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre samarbeider om dette tiltaket, og det har alt vore halde kurs i Ørsta og Ulstein. I september startar ei ny kursrekkje, og då er Vanylven arrangør. Dei har valt å legge det til HakalleStrandhus, eit avskjerma bygg i fine naturomgjevnader heilt i sjøkanten. I tillegg til dei nemnde kommunane er også andre offentlege behandlings- og kompetanseorganisasjonar inne på arrangørsida.

Sju veker

Representantar frå dei sju kommunane har vore med på planleggingsmøta. Kurset går over sju veker med seks samlingar – det er altså ein pause ei veke i midten. Etter det vi forstår, blir onsdagen kursdag.

– Vi meiner det er viktig at dei som er målgruppa får tid til å planlegge litt og ønskjer difor alt no at dette blir kjent, seier Oddrun Oldeide og Hanne Morseth frå arrangørkommunen. Dei har sjølve følgt eit kurs tidlegare og kan gå god for at dette er nyttig for målgruppa.

– Målgruppa er som vi seier pårørande til folk som slit med psykiske vanskar og eller rusavhengigheit, eller begge deler. Det kan vere folk som står midt oppe idet, eller som har vore igjennom det. Dette er ei gruppe som ofte er einsame med problema sine. Vanskane og belastningane kan faktisk bli så store at det også oppstår fysisk sjukdom i tillegg til den store psykiske påkjenninga. Det kan verke umogleg å sette dei nødvendige grensene. Dette kurset kan vere ei god hjelp til nettopp det, seier Oldeide og Morseth.

– På desse kursa vil ein kunne møte andre i same situasjon og oppleve fellesskap og støtte i eit trygt miljø. Vi vil på kvar kurskveld ha innlegg av både ein fagperson og ein erfaringsperson, ein som sjølv har levt i ein slik situasjon og kan seie noko om det, seier dei.

Tema

Dei seks temakveldane har desse overskriftene: Meistring og verdigheit, tvang og rettar, behandling, pårørandeorganisasjonar, søsken og andre barn i familien, familieperspektivet.

Kurset rettar seg altså til pårørande i kommunane på Søre Sunnmøre og vil bli nærare lyst ut etter ferien.

 

Vidar Parr

 

 

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.