Symjehall: Det kan kome ny symjehall i Ørsta innan 2021.
            (Foto: asplan viak)

Symjehall: Det kan kome ny symjehall i Ørsta innan 2021.Foto: asplan viak

Rådmannen vil investere 1,36 milliardar over 4 år

Rådmannen legg opp til at det skal investerast for 1,46 milliardar kroner i Ørsta kommune i perioden 2018 til og med 2021.

Det medfører ein låneauke i perioden med 974 millionar kroner, og vil medføre auka behov for eigedomsskatt, oppsummerer rådmannen i forslaget til økonomiplan.

– Fleirbrukshall og fellesbygg med legesenter er dei store pågåande prosjekta som vert kostnadskrevjande i åra som kjem, særleg frå 2019, kommenterer rådmannen. Då startar nedbetalinga av desse prosjekta, og det vil påverke driftsbudsjettet.

Fleirbrukshallen åleine er sett opp med ein investeringssum på 109 millionar kroner i 2018. Omsorgsbustader og legesenter er sett opp med 16. millionar kroner komande år.

I investeringsdelen av økonomiplanen er også ein ny symjehall lagt inn. Han er sett opp med 125,75 millionar kroner i økonomiplanperioden, og med fyrste løyving i 2019.

Andre store investeringar er skredsikting av Vallabøen med 57,5 millionar kroner, tiltak på Ørsta rådhus (54 millionar kroner), oppgradering av Ørsta kulturhus (31 millionar kroner), ombygging av noverande legesenter og helsestasjon (18,5 millionar kroner) ny Kvitveisen barnehage (30,5 millionar kroner og oppgradering av kommunale eigedommar (16 millionar kroner.

Skular

Det vert også lagt opp til investeringar i skulebygg. Vikemarka skule skal få tilbygg og nybygg (13,75 millionar kroner), Brannsikring og klasserom ved Ørsta ungdomsskule (24,7 millionar kroner), lettbygg Sæbø skule (6 millionar kroner), klasserom og brannsikring Velle skule (21,15 millionar kroner) og nybygg/renovering Hovden skule (4 millionar kroner).

Rådmannen har ikkje presentert driftsopplegget for dei einskilde seksjonane enno, fordi arbeidet med reduserte rammer ikkje er sluttført. Ho skriv samandraget at kommunen må rigge seg for kostnader knytt til dei store investeringane.

Strammare

– Dette betyr bruk av disposisjonsfond og reduserte rammer, der 2019 vert endå strammare, kommenterer rådmannen.

I økonomiplanen er det lagt opp til ein eigedomsskatt som no dei fyrste tre åra, men at han vil auke frå 2021.

Rådmannen presiserer at det som no er presentert i økonomiplanen er heile «ønskelista», og kva konsekvensar det vil medføre.

– Her vil kome endringar der noko må utsetjast, og i perioden vil det også kome salsinntekter som vil gi eit noko betre resultat, kommenterer ho.

Ho konkluderer med at Ørsta kommune har fire val viss det er slik at alle investeringsbehova er der. Det er:

* Minimumsavdrag på lån.

* Bruk av fond.

* Kutt i drifta/oppgåver.

* Auke eigedomsskatten.

Satsingar

Økonomiplanen baserer seg på allereie vedteke satsingar i kommunen. Det vil seie at kommunen skal ha attraktivitet og folketalsvekst, tomter og næringsareal. Vidare at det er vedteke fleirbrukshall og ei sentrumsutvikling. Og masterplanen for Hjørundfjord skal følgjast opp.

Ørsta kommune skal arbeide med førebygging, med eit særleg fokus på barn og unge og det skal investerast i skulebygg.

Kommunen har også store satsingar innan eigen organisasjon. Det handlar om leiar- og organisasjonsutvikling, få fleire heile og faste stillingar, fokus på tenesteproduksjonen, og vektlegging av brukarundersøkingar og medverknad frå brukarane av dei kommunale tenestene.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Dette vert lest no:

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Sjå bildeserie:

Storkonsert for fullsett sal

78 elevar frå Ørsta kulturskule viste fram talenta sine på scena onsdag.

Slutt for Amine

Har meldt oppbod.

– Det er eit nytt stort steg for oss

Budsjettforlik med ny satsing på nynorsk.

Vil gjere Ørsta til eit meir demensvennleg samfunn

Alle slag sørvisverksemder kan no få opplæring i korleis dei skal gå fram overfor demente kundar og brukarar. I Ørsta har dei fyrste verksemdene no hatt kurs.

Frå kritisk til betre ved Velle skule

– Vi hadde ein situasjon ved Velle skule som var kritisk ille. No er det betre, seier assisterande rådmann Eldar Rune Øye.

– Sett pris på – reint bokstaveleg

– Å vinne Brageprisen igjen – det kjennest - heilt bokstaveleg – å verte sett pris på!

Nær tusen hos Ørsta Skisenter

– Det vart den beste opningsdagen vi nokon gong har hatt. Og det viser behovet for eit godt fungerande skisenter.