Karane i The original Blues Brothers Band var frå seg av begeistring over å spele ein konsert på Trandal torsdag kveld.

Og publikum var frå seg av begeistring over å ha det legendariske bandet på besøk.

– Det er kanskje ikkje det beste bluesbandet i verda, men det er det mest vidgjetne, som ein publikummar sa det.

Alt klaffa

Alt klaffa på Trandal torsdag. Det var meldt delvis overskya ver. Det var feil, for det var ei vakker kveldssol som skapte ei flott stemning. Arrangørane hadde også arbeidd febrilsk for å få den nye tribunen ved festivalplassen ferdig. Kl. 18.00 onsdag kveld var denne klar. Tribunen har medverka til å gjere stemneområdet om mogleg endå meir intimt.

Det var Totto Nilsen frå Sunnmøre Baarelag og Kyrre Grimstad frå arrangørane Bratt & Blått som opna festivalen. Grimstad takka publikum for frammøtet, før han introduserte kveldens oppvarmingsband, Pineapple Express frå Ørsta. Og med Olav Sindre Kriken i spissen fekk varma opp publikum før det var sjølvaste The Blues Brothers Band sin tur.

Legenda fyrst

Like etter kl. 21.30 kom legenda Steve Cropper (76) først på scena, og ein etter ein kom dei andre musikarane ut. Publikum svara med jubel. Frå originalbesetninga var Cropper og Murphy Dunne (piano) med.

For dei fleste er forholdet til The Blues Brothers prega av filmen med det same namnet, og det var også då desse songane kom, som "Minnie the Moocher" og "Sweet home, Chicago" og dei andre klassikarane.

I mørk dress

Fleire av publikum hadde førebudd seg ekstra til konserten. Dei kom i svart dress, mørke solbriller og hatt, akkurat som brørne Elwood og Jake Blues i filmen.

Og det merka bandet seg, for til avslutningsnummeret vart mange av desse inviterte opp på scena, og dei dansa og showa saman med bandet. Mellom dei var Asbjørg Helen Mo og Janita Mo, og dei hadde ei av sine største stunder då dei fekk oppleve dette.

Kim Thorup, fekk også kome fram.

- Det var svært å stå og danse på scena, gi bamseklem til BB-vokalisten og handhelse på resten av bandet. Men utsikta frå scenekanten over ein tettpakka Christian Gard med Hjørundfjordfjella som kulisse - det var rett og slett rørande!

Fekk danse

Ei anna som fekk kome på scena, var Inger Lise Strand.

– Dette var ei utafordegsjølvoppleving å danse saman med desse flotte karane, sa Strand til Møre-Nytt etterpå.

Det vart ein bluesfest for historiebøkene.