I dagens utgåve av Møre-Nytt står den siste utsende fødselslista frå Volda sjukehus på trykk. Enkelte har nok lagt merke til at lege Jørgen Roll-Hansen står oppført som far til eit av barna, men dette er feil. I den utsende lista frå Kvinneklinikken i Volda har dei kome i skade for å skrive fastlegen til kvinna som barnefar.

Kvinneklinikken opplyser at dei har sendt beklaging til foreldra.

Den rette barnefaren til jenta er Marius Sporsheim.