Det opplyser John Kåre Bjørke i elveeigarlaget. Sjølv lukkast Bjørke førre veke med å få på land ein laks på sju kilo.

– I tillegg mista eg ein storlaks førre og ein på rundt fem kilo. Den på fem kilo vart truleg sprengd i kampen med meg, og då eg kom fram att i same hølen eit par timar seinare hadde oteren teke laksen. Eg fann fisken på land delt i to, seier Bjørke med eit smil.

Ifølgje Bjørke er det mange voldingar som fiskar i Bjørkeelva, og det er von om at fisket vil ta seg opp dei komande dagane.

– Elva har vore litt lita dei siste dagane, men det står mykje fisk i osen. Det har kome på land fiskar på 11,7 og 10 kilo, i tillegg til nokre på 7 kilo og fleire på 5–6 kilo. Pjakken har og kome, og frå gammalt av vart det sagt at pjakken kjem ved jonsok.

Bjørke opplyser at det i fjor vart rekordfangst i Bjørkeelva på nær to tonn med fisk.