Mange i kommunestyret gav heilhjarta støtte til planane om at Statsbygg skal få ansvaret for å bygge eit kombinert mediehus for høgskulen og kulturhus/kino for Volda på campusområdet. Ein av dei var Gunnar Strøm (SV).

– No har vi hatt seks kulturhusprosjekt i Volda som har stranda. På grunn av samarbeidsmodellen med høgskulen er dette det mest realistiske vi har hatt, sa han frå talarstolen.

Han meiner at kommunen må tore å ta risiko ved å gå inn i dette prosjektet, som skal gi kommunen ein årleg leigekostnad på om lag fem millionar kroner.

– I Innovata-saka (dei førre kulturhusplanane i Volda, journ.merk.) hadde vi 40 positive og samrøystes vedtak. På eit tidspunkt sa eg i kommunestyret at no hadde vi passert «point of no return». Eg tok feil. Då kom det opp mange spørsmål og krav om at alt skulle vere hundre prosent bombesikker for at vi skulle gå vidare. På eitt eller anna tidspunkt må vi seie ja, ta ein viss risiko, og slutte å leite etter alternativ.

Kritisk

Dan Bjørneset (H) har også tidlegare uttalt seg kritisk til at eit alternativ i sentrum ikkje er del av drøftingane om kulturhus, og gjentok synspunktet i kommunestyret.

– Eg har alltid vore ein forkjempar for kulturhus i Volda, men tillèt meg alltid å stille spørsmål ved prosessar, nettopp for å finne dei beste løysingane.

Han presiserte at han ikkje er imot planane på campus, men meiner det ville vore ein fordel om også eit alternativ vart drøfta.

– No har vi gått oss inn i dette sporet. Vi burde hatt ein plan B også. Kostnadsmessig er eg ikkje sikker på om skilnaden ville vore så stor.

Vil ha konkurranse

Endå meir kritisk var Roald Espset (Frp), og han var også den einaste som røysta imot formannskapet si tilråding i saka. Espset stilte spørsmål ved kvifor det ikkje skulle gjennomførast anbodskonkurranse om kulturhussaka, og skulda administrasjonen for å omgå lovverket.

Rådmann Rune Sjurgard svarte at lova om offentlege anskaffingar ikkje gjeld i samarbeid mellom to offentlege instansar, altså Volda kommune og Statsbygg.

Sjølve saka som vart handsama i kommunestyret torsdag, dreidde seg om romprogrammet for kulturhuset. Politikarane vedtok å gå vidare med to alternativ: Ein stor sal med 340+150 sete, og eit mindre alternativ med 460+150 sete. Det er først på eit seinare tidspunkt politikarane skal ta stilling til om kulturhuset skal byggast eller ikkje.

Erlend Krumsvik (KrF) tenkte høgt om innhaldet i både kultursalen og kinoen. Han meiner kommunen må tenke stort om begge deler.

– Skal vi bygge for voldingane, eller skal vi satse regionalt? Om vi tenker oss ei regional ballettscene, kan det profilere oss, og gi pengar av regional karakter. Og bygger vi ei scene for ballett, med moglegheit for 400 aktørar på scena, då bygger vi samtidig eit prosjekt som gagnar absolutt alle andre, sa Krumsvik.

På kinosida ser han føre seg ei satsing på kinoklubb og nytenking om kva kinotilbodet skal vere. Tankane fekk god mottaking i kommunestyret, og framlegget hans vart samrøystes sendt som oversendingsframlegg til kommunestyret.

Romprogrammet for kulturhuset skal vere klart tidleg neste år, og då kjem det truleg ei ny sak i kommunestyret. Planen til høgskulen er at det nye huset skal stå ferdig i 2021.

ivra: Gunnar Strøm (SV) ivra etter å gå vidare med planane. Foto: Marius Myklebust
etterlyser alternativ: Dan Bjørneset (H) meiner alternativ burde vore på bordet.