Det sa administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre då banken overrekte gåvemidlar til sytten lag og organisasjonar i Volda og Ørsta tysdag.

– Det er spennande å sjå kva som skjer i begge kommunane og kva det blir arbeidd med. Det er eit vidt spenn som er representert her. Vi treng eldsjelene som brenn og som er med på å utvikle lokalsamfunna, sa Brautaset før utdelinga starta.

Totalt vart det delt ut 685.000 kroner i gåvemidlar frå banken tysdag. Åmskarets Venner arbeider for turløype frå Ørsta skisenter til Åmskaret.

– Målet vårt er å få opparbeidd denne løypa slik at den også kan nyttast om sommaren til både sykling og trilling av barnevogn. Seinare når løypa er på plass er målet å få bygd ein gapahuk på Åmskaret, sa Svein Silseth på vegner av Åmskarets venner og takka for 75.000 kroner i gåvemidlar.

Mellestiftelsen Svendsengarden er eigar av Svendsengarden. I år skal det markerast at hovudhuset er 150 år.

– Arbeidet med å restaurere hovudfasaden er godt i gang. I tillegg skal vi setje i stand arkrommet i andre etasje, sa styreleiar Elling Dybdal då han tok imot sjekken på 50.000 kroner.

Sæbø Dampskipekspedisjon har kjøpt det tidlegare kommunehuset på Sæbø, og har mange planar. Tysdag fekk dei tildelt 40.000 kroner som skal nyttast til å lage bibliotek og møteplass for småbarnsfamiliar i tredje etasje av bygningen.

– Først og fremt ønskjer vi å skape møteplassar på tvers av generasjonar. Dette er eit stort prosjekt, men det skal vere allment og ope for alle. Historia skal opp på veggane og vi skal skape ny historie i bygget. Målet er det og skal vere heilårsaktivitet, sa Erlend Walseth som lova både banken og forsamlinga at dei skal lukkast med planane sine.

Dei andre som fekk tildelt gåvemidlar tysdag var Austefjord bygdekvinnelag 30.000 kroner, Dalsfjord sogelag 50.000 kroner, FAU Vikemarka skule 25.000 kroner, Folkestad idrettslag 30.000 kroner, Folkestad idrettslag/Kilsfjord grendalag/Bjørkedalen grendalag /Folkestad grendalag og Dalsbygda grendalag 50.000 kroner, Follestaddal samfunnshus 50.000 kroner, Vartdalsstranddagane 25.000 kroner, Vinjevoll og Mork grendalag 35.000 kroner, Volda golfklubb 50.000 kroner, Volda Jeger- og sportsfiskarlag 20.000 kroner, Volda og Ørsta kunstlag 25.000 kroner, Volda Røde Kors Hjelpekorps 30.000, VTI Allianseidrettslag 75.000 kroner og Ørsta Næringskontor 25.000 kroner.

Takk: Svein Silseth i Åmskarets Venner takkar for 75.000 kroner i gåvemidlar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Foto: Joachim Åsebø