26. juni kom han i mål i Sunndal. Då hadde Nøst og to partikollegaer lagt bak seg 900 kilometer på sykkesetet, og besøkt alle kommunane i Møre og Romsdal, med unntak av to: Vestnes og Stordal. Dei var i tillegg innom Hornindal, som blir del av Møre og Romsdal når samanslåinga med Volda er sett i verk.

– Det finst knapt nokon betre måte å sjå det storslegne fylket vårt på enn frå sykkelsetet, seier Nøst i ei pressemelding.

I løpet av turen har moldensaren besøkt fleire bedrifter, mellom anna Nekton havbruk på Smøla, økobryggeriet Grim & Gryt på Hareid, ein geitegard på Leira og Pipelife i Surnadal.

– Det er oppmuntrande å treffe så mange som tenker berekraft, seier Nøst.

Grøne arbeidsplassar

Han meiner det er stort potensial for grøne arbeidsplassar i Møre og Romsdal.

– Men då må politikarane legge til rette for det. Dei grøne vil redusere arbeidsgivaravgifta for bedrifter i oppstartsfasen, og sikre meir risikokapital til kommersialisering av miljøteknologi, seier han.

Dårlege sykkelvegar

Han har også bite seg merke i mange dårlege sykkelvegar i fylket.

– Fleire stader er det direkte farleg for syklistar og andre trafikantar på grunn av holete og tronge vegar. Det er mykje viktigare å vedlikehalde vegane enn å auke motorvegkapasiteten inn til Oslo, seier Nøst.

MDG har som mål å få eitt av mandata på Mørebenken.

– Dersom MDG kjem over sperregrensa i november, kan vi plutseleg få ein grøn romsdaling på Stortinget på utjamningsmandat, seier Nøst i pressemeldinga, og legg til at dei nasjonale målingane viser at det er mogleg.

Førstekandidat: Lage Nøst er MDG sin førstekandidat i Møre og Romsdal. pressefoto Foto: Pressefoto