Kontrollutvalet bestemte seg tidlegare i år for å sjå nærare på prosessen rundt samling av PPT-tenestene for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta i eit vertskommunesamarbeid, med kontor i Ulstein.

Misnøye

Det har vore misnøye med prosessen frå dei tilsette si side, og dei tilsette sitt høve til medverknad i prosessen er eitt dei viktigaste områda kontrollutvalet diskuterte måndag. Høvet til medverknad er nedfelt i både hovudavtalen og arbeidsmiljølova, ifølgje saksutgreiinga til Vest kontroll, sekretariatet for kontrollutvalet.

– Medverknadsprosessar kan vere både gode og dårlege, og generelt kan vi seie at skilnaden ligg i om det er lagt til rette for reell medverknad eller ikkje, skriv Vest kontroll.

Det ligg føre eit dokument som heiter «Retningslinjer for endring og omstilling i Ørsta kommune», men Vest kontroll meiner det er uklart om dette er vedtekne retningslinjer som har vore i bruk ved denne og tidlegare liknande prosessar.

– Det er ulikt syn på kva som er realiteten i korleis medverknaden har vore teken vare på. Vi får inntrykk av at medverknaden i hovudsak er vareteken ved å gi orientering og informasjon utover at dei tilsette reelt får medverke, skriv dei.

Personvern og teieplikt

Då saka vart handsama måndag, var fagleiar og tillitsvald for PPT, rådmann, seksjonsleiar skule, personalsjef, hovudverneombod og hovud- tillitsvalde for Utdanningsforbundet og Fagforbundet i Ørsta kalla inn.

Saka vart lukka med heimel i fleire paragrafar, mellom anna omsynet til personvern og teiepliktig informasjon.

Vest kontroll presiserer at det er berre sjølve prosessen med omorganiseringa kontrollutvalet skal sjå nærare på, ikkje personalsaker.

Kontrollutvalet hadde ein lengre diskusjon, også denne bak lukka dører, før dei gjorde samrøystes vedtak om å lukke møtet.