Det sa stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap) etter at han saman med Jørgen Amdam, Karen Høydal og Per Maurset vitja Søre Sunnmøre tingrett måndag ettermiddag. Hovudagendaen for møtet var framtida til tingretten i Volda. Domstolsadministrasjonen ynskjer at tingretten skal flytte ut av dagens lokale i Sorenskrivargarden og inn i administrasjonsbygget i Sjukehusvegen i Volda. Dette har sorenskrivar Elisabeth Wiik reagert på då dette bygget skal rivast når Voldatunnelen vert bygt. Domstolsadministrasjonen har tidlegare ville greie ut samanslåing av Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre tingrett i Ålesund, men dette vart stoppa av justiskomiteen i Stortinget i 2015.

– Vi har fått eit inntrykk her i dag at Domstoladministrasjonen framleis står på sitt, og at deira ynskje er at domstolen skal bli samlokalisert og flytta til Ålesund. Ein del av informasjonen vi har fått i dag gjer at eit passande omgrep for situasjonen er sniknedlegging på fleire frontar. Det er vi imot. Arbeidarpartiet er tydelege på at dette er ein prosess som vi ikkje tolererer, og vi vil gjere alt vi kan for å stoppe den, seier Holen Bjørdal.

Ordførarane i Volda og Ørsta, Jørgen Amdam og Stein Aam, har tidlegare sendt brev til Domstoladministrasjonen der dei ber om ei orientering om kva planar som ligg føre for Søre Sunnmøre tingrett på kort og lang sikt. Wiik har og sendt brev til Domstoladministrasjonen, men førebels har det ikkje kome svar.

Holen Bjørdal ynskjer no svar frå justisminister Per Willy Amundsen.

– Det er på tide å utfordre justisminister om desse prosessane som vi ser, og om han er samd i Stortinget sin intensjon ikkje vert følgt opp av Domstoladministrasjonen.

Stasbygg eig både Sorenskrivargarden og administrasjonsbygget i Sjukehusvegen. Ynsket frå tingretten i Volda pr. i dag er bli verande i Sorenskrivargarden.

– Statsbygg har gitt beskjed om etter ei oppgradering vil bygget sjå ut som 2017 innvendig, men framleis sjå ut som 1905 utvendig. Vi ynskjer å bli verande her kontra det å flytte til eit bygg som skal rivast. Hadde det stått eigna lokale i kø så hadde det å flytte ikkje vore noko problem, men situasjonen er ikkje slik, seier Wiik som oppmodar dei som har lokale om å ta direkte kontakt med Domstoladministrasjonen og ikkje Søre Sunnmøre tingrett.