– Det har lege i korta at Sparebank 1 Søre Sunnmøre ville gå tungt inn i Volda Campus Arena, og vi har fått til ein god avtale. Dette er ein stor dag for Volda og regionen, sa Arild Bakke i Volda Campus Arena og Volda handball før avtalen med banken vart signert.

Verdien på avtalen er ni millionar kroner, og midlane i avtalen er fordelt mellom gåvemidlar og namnerett på hallen. Banken har sikra seg namnet Volda Campus Sparebank 1 Arena i ein periode på ti år.

– I oktober i fjor vart vi presentert prosjektet, og dette er noko som Volda-samfunnet verkeleg treng. Det passar godt opp mot visjonen som banken har, og for vår del var det heilt naturleg å vere med på prosjektet. Når vi no går tungt inn har vi von om at vårt bidrag er med på å realisere prosjektet. Ein slik hall treng Volda for å halde fram med å vere ein attraktiv plass å bu, sa administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Finansieringa frå banken sikrar at Volda Campus Arena får kjøpt og betalt tomta ved Joplassen i Volda.

– Dette er eit sterkt signal til andre aktørar og til offentleg mynde om at vi må få dette til. I tillegg er vi inne med vesentlege planleggingsmidlar.

Bidraget frå banken utgjer om lag ti prosent av den totale kostnaden for prosjektet.

– No har vi ein god base for få prosjektet realisert, og alle føresetnader for å lukkast er på plass, sa Johnny Kragset i Volda Campus Arena.

Reguleringsplanen for bygginga av Volda Campus Sparebank 1 Arena nærmar seg ferdigstilling, og vil lagt ut til offentleg ettersyn når dei siste detaljane er på plass. Volda Campus Arena har von om å få planen god kjent i fjerde kvartal i år. Då kan det bli byggjestart for hallen rundt nyttår, og med ei byggjetid på rundt eitt år kan hallen stå ferdig tidleg i 2019.

– Vi hadde ei ambisiøs målsetting då vi offentleggjorde planane for Volda Campus Arena, men så langt har det gått greitt og prosjektet har blitt møtt med positivitet. Vi visste at vi hadde eit godt prosjekt å selje inn.

I planane er det lagt opp til to speleflater for handball og seks for volleyball. Det er sett av areal til symjehall, men dette inngår ikkje i hallprosjektet.

Volda Campus Sparebank 1 Arena: Avtalen mellom Volda Campus Arena og Sparebank 1 Søre Sunnmøre sikrar finansieringa til kjøp av tomta på Joplassen. Illustrasjon