– Det er mange faktorar som påverkar videokvaliteten på det du strøymer. Ein av dei er kva internettleverandør du har, innleier Google i sin videokvalitetsrapport som ligg tilgjengeleg på internett. Her kan du enkelt sjekke ytinga til internettleverandørane i kvar kommune. Tussa kjem godt ut samanlikna med konkurrentane i alle kommunane på søre Sunnmøre, skriv Tussa i ei pressemelding.

– Gledelege tal, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT i pressemeldinga.

Han meiner høg fart, lite feil og gode samband til det regionale og nasjonale fibernettet gjer at Tussa leverer så stabilt.

Strøyming utgjer 55 prosent av bruken i Tussa sin samla internettrafikk. Vanleg internettsurfring, inkludert sosiale medium og e-post, utgjer 25 prosent.

– Pila peikar oppover. Vi ser at kundane våre strøymer meir og meir TV- og videoinnhald. Det breibandsnettet vi byggjer ut er godt rusta til å handtere den vidare forbruksveksten som er forventa og vil kome, seier Driveklepp.