– Det var opphavleg planlagt ein undergang for fotgjengarar på Heltne, men vi konkluderte med at dei mjuke trafikantane må opp i dagen og få attraktive løysingar, sa planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng frå Statens vegvesen då ho orienterte Volda kommunestyre om arbeidet med planlegginga av Voldatunnelen sist torsdag.

Ambisiøse mål

Det er sett ambisiøse mål for mjuke trafikantar i arbeidet med tunnelen, som skal gå mellom Volda og Furene.

– Sykkel skal utgjere åtte prosent av alle reiser i Volda og Ørsta. Vi ønskjer ei dobling av sykkeldelen samanlikna med i dag, og åtti prosent av alle born og unge skal kunne gå eller sykle til skulen, forklarte Stavseng.

Det mest sentrale tiltaka for mjuke trafikantar i arbeidet med Voldatunnelen må seiast å vere den planlagde ombygginga av rundkøyringa på Rotset, som vil gjere henne unik i vår region.

Dagens rundkøyring er planlagt senka, og Statens vegvesen vil i framlegget til reguleringsplan tilrå å bygge ei gangbru over rundkøyringa.

Gangbrua gjer det mogleg å krysse E39 i alle retninga utan å kome i kontakt med europavegen, og skal gjere området på Rotset langt betre tilpassa mjuke trafikantar enn i dag.

– Vi meiner dette er ei veldig god løysing. Det er også vurdert og laga skisse for ei sirkulær (rund, journ.merk.) gangbru, men denne stjerneforma gangbrua vil vere den beste og billegaste, forklarte planprosjekt- leiar Robin Sætre til kommunestyret.

Ikkje gang- og sykkeltunnel

Trafikkmengda gjennom Voldatunnelen vil i framtida vere så stor at det vil bli krav om rømmingsvegar i tunnelen, ifølgje vegvesenet sine undersøkingar og framskrivingar.

Det gjer at det har vorte vurdert om det kan byggast ein gang- og sykkeltunnel parallelt med tunnelen, som også kan fungere som rømmingstunnel. Volda-ordførar Jørgen Amdam er ein av dei som har løfta fram denne ideen. Statens vegvesen har vurdert dette, men konkludert med at det ikkje vil vere ei god løysing.

– Det ville vorte ein 3,5 kilometer lang tunnel, og den klart lengste sykkeltunnelen i Noreg. Vi har kome til at det blir for langt, og at sykkelløysinga må ligge ute i dagen, forklarte Stavseng.

I staden legg reguleringsplanen opp til to separate løp for motorvogner i reguleringsplanen. Med to løp er tunnelen kostnadsrekna til 1,8 mrd. kroner.

Statens vegvesen legg likevel opp til at det kan byggast eitt løp først, og så kan det andre byggast når trafikkmengda utløyser krav om det. Grensa er ein årsdøgntrafikk på 8.000 køyretøy i døgnet. Ein tunnel med eitt løp vil koste om lag 900 mill. kroner.

Forseinka

Reguleringsplanen for Voldatunnelen skulle eigentleg vere klar for overlevering til Volda kommune og politisk handsaming før sommaren. Han er forseinka, og Statens vegvesen seier no han skal vere klar tidleg i haust, truleg i august eller september.

Det er fleire årsaker til dette, ifølge vegvesenet. Mellom anna gjennomføring av seismikkundersøkingar, luft- og støyvurderingar og registrering av barne- og studenttrakk på Rotset.

Voldatunnelen er inne i Nasjonal Transportplan i perioden frå 2024 til 2029. Målet er å få ein bompengesøknad klar før den tid, og at Volda kommune då kan byrje å forskottere kostnaden på tunnelen. Det kan medføre at bygginga kan kome i gang tidlegare.

Furene: Slik planlegg Statens vegvesen trafikkløysinga i Furene. skisse