På siste møtet før ferien var det presidentskifte i Ørsta Rotaryklubb. Steinar Hatlestad har leia klubben i 2 år, og ga no stafettpinnen vidare til Anne Ellingsen.

Aktivt år

Klubben har hatt eit aktivt år, der medlemmene har vore på fleire bedriftsbesøk, i tillegg til å ha hatt besøk av foredragshaldarar knytt til bedrifter og institusjonar i regionen.

Anne takka Steinar for det gode arbeidet han har gjort, og lova å vidareføre dette det komande året. Ein del av det planlagde programmet for komande Rotaryår vart presentert, og fleire interessante tema står på dagsorden.

Rekruttering

Medlemmene i Ørsta Rotaryklubb er rekrutterte frå fleire yrke og profesjonar lokalt, og utgjer såleis eit omfattande og ressurssterkt nettverk som kan bidra på mange område.

Variert arbeid

Lokalt jobbar klubben mellom anna med vedlikehald av krigsminnesmerket på Lianeset, «våronn» på Brudavolltunet, og eit årleg arrangement for eldre. Rotary har også tilbod til ungdom og unge vaksne, som til dømes internasjonal ungdomsutveksling. LBM