Den 22. april var ein dag mange elevar ved Ørsta vidaregåande skule hadde sett fram til lenge. Denne dagen var nemleg avreisedatoen for internasjonaliseringsprosjektet i 2017. I tre veker skulle dei 31 elevane bu og jobbe i Spania. Det er sjette året skulen har dette prosjektet, som er finansiert gjennom midlar frå Erasmus+ og SIU (Senter for internasjonalisering i utdanninga), og det er ikkje tvil i at det er populært.

Internasjonalisering er positivt, og kan bidra til betre kunnskapar om både språk og kultur. I Spania må vi kommunisere på engelsk, og til dømes kunne namna på ulike arbeidsmetoder og verkty på dette språket. Dette er med på å auke nivået på dei munnlege engelskkunnskapane til elevane, noko som er naudsynt vidare i arbeidslivet, sidan dei aller fleste kjem til å skulle jobbe saman med nokon som ikkje kan så godt norsk. Nokre har også plukka opp nokre spanske gloser.

Mange av dei som er med på internasjonaliseringsprosjekt opplever at dei får ein auka motivasjon for læring, også etter at dei er komne heim. Dei ser med eigne augo at alle har eit internasjonalt medansvar, og at ein får sjå seg sjølv og sin eigen situasjon i relasjon til andre.

13 samarbeidsbedrifter

Ørsta vidaregåande skule har etter kvart fått mange samarbeidsbedrifter på Costa Blanca, og i år hadde vi heile 13 bedrifter der vi hadde utplassert elevane våre. Desse er: Den norske skolen i Rojales, Little People barnehage, Costa Blanca barnehage, Den skandinaviske smide, Solgården, Betanien, Ambiente Floral, Florisima, Autos Escandinavia, Suzuki, Casa Vital, El Meson de la Costa og Helge Y Anders. Under opphaldet i år fekk vi signert ein ny avtale med ti plassar. Programområda som er representerte i internasjonaliseringsprosjektet er: Køyrety, blomsterdekoratør, helsefagarbeidar, barne – og ungdomsarbeidar, byggfag, industriteknologi, kokk – og servitør.

Å bu og arbeide i ein annan kultur

Det er spanande å skulle bu og jobbe i ein framand kultur der ein kanskje ikkje kan språket så godt, og dette kan vere ei interessant erfaring for elevane å ha med seg vidare livet. Dei fortel om lærerike og spanande kulturmøte, der dei har fått utfordre seg sjølve på ulike måtar. Eit av måla til SIU er nettopp at elevane som er med i internasjonaliseringsprosjekta deira skal bli meir opne for, og lære meir om, andre kulturar. Dette er viktig i våre dagar.

Vi hadde felles måltid, både der vi budde og på ulike restaurantar. Første søndagen var vi på tur til fyret i Albir, ein flott tur der ein har utsyn over Calpe, Altea og Albir. Laurdag 29.04 var heile gjengen på tur til Alicante, der vi besøkte Castello de Santa Barbara og kika oss rundt i den flotte byen. Av andre fellesaktivitetar kan vi nemne: shopping, tur fornøyelsesparken Terra Mitica, gokart, fjelltur og strandliv. Elevane var flinke til å vere sosiale, og nye vennskapsband vart knytte

Det var mange spente ungdommar som møtte opp på sine respektive arbeidsplassar fyrste arbeidsdag. Elevane fekk prøve mange nye oppgåver og nye teknikkar innanfor sine yrkesfag, og det har vore ei svært lærerik erfaring for dei. Mange har også lært norske metodar til dei spanske kollegaene sine. Eit døme på dette er frå blomsterdekoratørane som viste korleis ein snittar blomar heime i Noreg. I Spania bankar dei stilkane flate, og dei har heller ikkje med vatn på bukettar. Det er kanskje litt rart sidan der er noko varmare enn heime.

Elevane frå kokke-linja ved skulen fekk også prøve å lage mange nye og spennande rettar av matvarer dei kanskje ikkje har tilgang til her i landet. Sidan muring er ein sentral del av spansk byggetradisjon, har byggfag-elevane fått praktisere muring på ein heilt annan måte enn her heime. Firmaet skulen har samabeidd med i mange år, har også miksa norske og spanske byggemetoder og det var svært lærerikt for elevane å få prøve dette i praksis.

Barne- og ungdomsarbeidarane syntest noko av praksisen i barnehagane var uvand og litt rar. Om born er i konflikt skulle dei til dømes berre trøyste den eine av borna, den som hadde starta konflikten skulle ikkje få noko slags merksemd.

Kva har elevane lært?

Elevane seier sjølve at dei har lært svært mykje av opphaldet i Spania. Dei har vorte sikrare på seg sjølve, dei har funne ut at utdanninga dei har valt er den rette for dei, dei har blitt betre kjende med klassekameratane og elevar frå andre programområde og dei har fått utfordra seg sjølve på både godt og vondt. Ein av elevane fortel at: «Eg har m.a. lært meg å vere meir open eg har lært å by på meg sjølv, eg har lært korleis ein kommuniserer med forskjellige typar menneske og personlegdomar.»

Det kan vere utfordrande å bu så tett på kvarandre, jobbe lange dagar i eit anna klima enn ein er vande med, men det det har gått veldig bra for heile den kjekke gjengen.

Alle har hatt eit supert opphald, og dei oppmodar vg1-elevane om å søkje neste år! Når vi spurde nokre av elevane om dei ville oppmode andre om å søkje om å få vere med på internasjonaliseringsprosjektet var dette nokre av svara vi fekk:

«Eg oppmodar alle om å søkje til neste år. Du får lære utrulig mykje om yrket ditt. Og du får gjere mange kjekke og lærerike oppgåver!»

«Eg vil oppmode alle til å vere med på dette. Ver snill på skulen, ha minst mogleg fråvær og skriv ein god søknad. Men det viktigaste er at du verkeleg vil dette. Dette har vore ei veldig stor oppleving for meg og eg har lært veldig mykje om meg sjølv og andre».

«Eg har opplevd veldig mykje og fått mange gode minne eg vil ha for resten av livet. Eg meiner at desse tre vekene er altfor lite tid til å vere her. Det har gått så fort at eg nesten ikkje har følgt med i svingane. Det har vore tre herlege, innhaldsrike, aktive og nydelege veker som eg er svært heldig å ha fått oppleve».

Når vi ser tilbake

Etter å ha kome heim til Noreg etter tre innhaldsrike og lærerike veker i Spania, sit både elevane og lærarane attende med mange gode minne og mange erfaringar. Det er lærerikt og spanande å få vere med på eit slikt prosjekt både for ungdommane våre og dei vaksne. Ein får utfordra seg sjølv på mange plan, og ein får prøve å vere ein minoritet i ein annan kultur. Det er ei nyttig erfaring å ha med seg vidare i livet!