Og dei tilsette i NAV Ørsta og Volda, vil i Tindebygget møte eit lokale som er skreddarsydd deira behov og ønske.

– Dagens lokale i Strandgata er ikkje optimale i høve talet på tilsette og måten vi jobbar på. I Tindebygget får vi det akkurat slik vi ønskjer, og vi får utnytta arealet på ein annan måte der alt vert samla i andre etasje. Vi ser fram til innflyttinga. Tindebygget er eit flott bygg, seier NAV-leiar i Ørsta og Volda, Eli Grøtta.

Kontrakt

Fylkesdirektør Stein A. Veland var denne veka på plass i Ørsta for å signere leigekontrakten med eigarane av Tindebygget. Kontrakten strekkjer seg over ti år, med høve til fem års lenging, for dei vel tretti tilsette i NAV Ørsta og Volda. Går alt etter planen, flyttar NAV inn i Tindebygget 1. februar neste år.

Eigarane av bygget, Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork, er godt nøgde med leigeavtalen.

Midt i blinken

– Då vi såg utlysinga av nye NAV-lokale, tenkte vi at dette måtte vere midt i blinken for Tindebygget, også i høve den sentrale plasseringa like ved rutebilstasjonen. Når NAV kjem vil her vere rundt tolv leigetakarar, og bortimot hundre tilsette i Tindebygget. Og då har vi att berre 170–180 kvm ledig areal. Så vi er godt nøgde, seier Rebbestad og Mork.

Avtalen med NAV inneber at den statlege og kommunale verksemda skal disponere eit totalareal på rundt 1.100 kvm. I tillegg vil dei tilsette i NAV kanskje også få tilgang på felles kantine dersom dette vert bygt. Dette vert no vurdert.

– NAV vil få det akkurat slik dei ønskjer i Tindebygget. Byggjetida fram til februar er kort, men alt ligg klart i bygget frå før. Så vi skal klare å halde tidsfristen, lovar Rebbestad og Mork.

NAV sine kontor i Ørsta og Volda vart slått saman i 2014, og dei tilsette vart samlokaliserte på NAV-kontoret i Strandgata i Ørsta. I haust går leigekontrakten med Ørsta Bruk AS ut.

– I den samanheng var det naturleg med ein ny tilbodsprosess for oss, slik at vi får dei optimale lokale, seier NAV-leiar Eli Grøtta.

Fire tilbydarar kjempa om å få NAV til sine lokale, alle var i Ørsta. Det var ingen i Volda som tilbaud NAV lokale.

signering: Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork signerte denne veka leigekontrakten med NAV, her representert ved fylkesdirektør Stein A. Veland. Foto: Roy-Arne Folkestad