– Gi seksåringane førskulen tilbake

– Konklusjonen ut frå det vi veit etter 20 år, er at Reform 97 ikkje har hatt nokon konsekvensar i det heile for barns læring.

Kritisk: Professor Peder Haug er kritisk til Reform 97.  Foto: Ivar Lid Riise

Nyheiter

Det seier pedagogikkprofessor Peder Haug ved Høgskulen i Volda i eit intervju med barnehage.no1 , ein journalistisk nettstad som er eigd av Private Barnehagers Landsforbund.

Skulereforma Reform 97 medførte mellom anna at skulestarten vart senka frå sju år til seks år. Førsteklasse skulle ha eit klart førskulepreg, leseopplæringa skulle ikkje starte før i andre klasse og barnehagepedagogikken skulle vere med heilt til fjerde klasse.

Haug seier at den tidlegare skulestarten ikkje har vorte evaluert i det heile, og at internasjonale undersøkingar ikkje dokumenterer nokon effekt av Reform 97.

Haug meiner det er urealistisk at seksåringane skal gå i barnehagen att, fordi det vil krevje ei massiv utbygging av barnehageplassar. Haug meiner i staden at leikande aktivitetar må bli sidestilt med norsk og matematikk i førsteklasse.

- Borna som er fødde etter 1. august er trass alt berre fem år når dei set seg på skulebenken, seier han til Barnehage.no.