(smp.no): På målinga Respons Analyse har laga for Sunnmørsposter slår partiet til med ei rekordoppslutning på 16,4 prosent, som gir to faste mandat på Mørebenken. Ved valet i 2013 fekk partiet 8,2 pst.

Målinga er teken opp i tidsrommet 12. jni til 21. juni med 600 spurde, og partia får slik oppslutning (valresultatet i 2013 i parantes):

Ap: 25,2 (25,2), Høgre: 21,7 (26,2), Frp: 19,0 (20,1), Sp 16,4 (8,2), KrF: 5,6 (8,9), Venstre: 5,1 (5,6), SV: 2,5 (2,5), MDG: 2,4 (1,4), Raudt: 0,4 (0,4), Andre: 1,7 (1,5).

Denne fordelinga gir to mandat kvar til Ap, Høgre, Frp og Sp. Det nasjonale resultatet avgjer kven som får utjamningsmandatet.

Tvangssamanslåinga av Haram kommune og ny runde i sjukehusrettsaka i Kristiansund var to saker som dominerte mediebildet i fylket i tidsrommet. Repons trur slike lokale forhold kan spele inn på målinga. På dei nasjonale målingane til Respons har Sp no ein oppslutnad på rundt ti prosent.

Av Geir Strand, Sunnmørsposten

Ein større versjon av denne saka er å finne på smp.no