Skjerming av hamnebassenget i Harstad har vore eit etterlengta behov, og Marina Solutions har vore involvert i prosessen sidan 2011.

– Først og fremst vil vi takke Harstad Havn for tilliten, for at dei valde vår bryggeløysing med flytemolo. Flytemoloen er ein 250 meter lang betongbrygge med bølgedemping, lagerrom i kjellaren, kaiplass på utsida, båtplassar på innsida og ei fin innramming og promenade for den som vil spasere ein tur nær sjøen, fortalde dagleg leiar i Marina Solutions, Torgeir Iversen, i talen under opninga..

Flytemoloen er samansett av fem element, der kvart element er 50 meter langt og 5 meter breidt. Innvendig takhøgd under dekk er 2,9 meter.

– Bølgebrytarane gir svært god effekt for vind og bølgjer frå nordaust. Målet var å få ei flott hamn for småbåtfolket og gjester, og det har vi fått seier hamnesjef Ivar F. Hagenlund og ordførar Marianne Bremnes i ei pressemelding.