Signeringa skjedde i samband med Sagafjord Open, som vart arrangert på den flotte golfbana i Vassbotnen laurdag.

Mange spelarar kransa klubbhuset i samband med golfturneringa, og signeringa skjedde med stor applaus frå medlemer og tilreisande frå andre klubbar.

– Vi er glade for å få Sparebanken Møre med på laget som vår hovudsponsor. Vi ser fram til eit godt samarbeid med banken både på og utanfor bana, seier Jan Erik Myklebust, leiar i Volda Golfklubb. Dugnadsklubben har mange spennande planar framover, og ikkje minst gjeld det å halde den flotte bana i Vassbotnen klar for spel kvar einaste dag.

– Vi er glade for å kunne spele på lag med Volda Golfklubb. Sparebanken Møre er opptekne av å støtte opp om lokale og positive tiltak som skaper aktivitet og glede. Golfklubben er i støyten som aldri før, og vi vil gjerne vere med på den spennande utviklinga som hovudsponsor, seier Mette Ryste, banksjef på Sparebanken Møre sitt Volda-kontor.

Sagafjord Open

Brodie Bramich vart suveren vinnar av Sagafjord Open laurdag. Bramich er frå Australia, men representerer Volda Golfklubb. Med -9 i slag, var han suveren på bana i Vassbotnen.

Det var ingen som slo «hole in one» på hol nummer seks. Dermed var det ingen som stakk av med ein bil frå Berge & Co, avd. Ørsta, til ein verdi av 500.000 kroner. Heile 47 deltakarar hadde sjansen til å sette ballen i holet på eitt slag, men ingen trefte når det galdt som mest.

Det var mange lokale golfspelarar som deltok på Sagafjord Open, og mange hevda seg veldig godt. Kristoffer Trandal sikra seg andreplassen laurdag, etter å ha spelt par 70 på bana i Vassbotnen. Den siste pallplasseringa gjekk til Amund Yksnøy Bergmann med 70 (+1). Først på 12.-plass kom det deltakarar frå andre klubbar, der Daniel Skinnes frå Sunnmøre Golfklubb var representert med 70 (+6). Elles deltok det spelarar frå Solum, Lillestrøm, Ålesund, Huseby & Hankø, Vanylven, Kristiansund & omland og Bryneset.

Laurdag var det festmiddag ved Sagafjord Hotel på Sæbø, turneringa sin sponsor. Mange av deltakarane budde også på hotellet.

Skeidar Open

Kenneth Rusten frå Volda Golfklubb vann Skeidar Open søndag. Rusten sikra seg sigeren like framfor klubbkamerat Brodie Bramich, som gjekk til topps i Sagafjord Open dagen før.

38 deltakarar deltok, og nok ein gong vart pallen spikra med representantar frå Volda Golfklubb. Rusten tok sigeren med 70 (-3), Bramich tok andreplassen med 70 (-2) og tredjeplassen gjekk til Jan Egil Gretland 70 (-1).

Det deltok golfspelarar frå fleire andre klubbar også. Huseby & Hankø, Sunnmøre golfklubb, Solum, Lillestrøm, Kristiansund og omland, Ålesund og Vanylven.

Golf: Spelarar i Skeidar Open etter premieutdelinga. Frå venstre, Lars Kåre Vikestrand, Svend-Johan Weum frå Huseby & Hankø Golfklubb, Jan Egil Gretland, Peder Barstad, Kenneth Rusten (vinnar), Brodie Bramich og Webjørn Yksnøy Bergmann. Foto: privat : Frå venstre, Kristoffer Trandal (2.-plass), Brodi Bramich (1.-plass), Johan Liadal (5.-plass), Webjørn Yksnøy Bergmann (4.-plass) og Jan Egil Gretland (5.-plass). Foto, Privat. Foto: Magne Jonny Krumsvik
golf: Frå venstre, Kristoffer Trandal (2. plass), Brodi Bramich (1. plass), Johan Liadal (5. plass), Webjørn Yksnøy Bergmann (4. plass) og Jan Egil Gretland (5. plass). Foto: Privat. Foto: Magne Krumsvik