– Vi har ikkje vore plaga med skadeverk i småbåthamna, men etter det som har skjedd siste dagane kjem vi til å montere overvakingskamera, seier Anders Ørstavik, nestleiar i småbåtlaget.

For andre gong har båteigar Arne Koppen opplevd skadeverk på båten sin i småbåthamna. Nokon har kasta stein mot Koppen sin båt, og den eine glasruta er knust, og det er skadar i plastikken. Skadeverket skjedde mellom laurdag og onsdag.

Øydela benk

I tillegg har pøblar øydelagt ein benk som stod ved fyrlykta i Hamneparken. Alt treverk vart rive av benken som var festa i betong.

– Dersom nokon har så mykje energi i seg at dei må øydeleggje, kan dei heller hjelpe til med alt førefallande arbeid i hamneområdet. Det vil vere meir fornuftig, oppmodar Ørstavik.

Arne Koppen har altså opplevd skadeverk for andre gong.

Han eig ein 16,5 fots Hansvik, og båten har eit lite overbygg med kalesje. Båten har plass i hjørnet mot reinseanlegget til Ørsta kommune.

– Eg håper nokon kan ha sett kva som har skjedd, og kan gje tips til politiet om dette, seier Koppen.

Mest truleg er det nokon som har stått på land, og som har kasta stein mot båten. Koppen fann to steinar, ein om bord, og ein på bryggja, på storleik med ein knyttneve.

Eit potensielt vitne fortel til Møre-Nytt at han tidlegare i veka observerte nokon som krangla i det aktuelle området. Då vart det i frustrasjon kasta stein ut mot båtane, og det er mogleg det er denne hendinga som medførte skadar på båten til Koppen.

– Dette er andre gongen eg har opplevd skadeverk på båten. Førre gong var det mindreårige som stod bak, og eg fekk betalt for utgiftene eg hadde, fortel Koppen, og synest skadeverket er trasig. Han er glad for at det no vert montert kamera i hamna.

– Eg har ein liten båt, og det er ikkje dei store verdiane det er snakk om. Det er berre veldig irriterande, og det krev mykje arbeid å få dette reparert. Men her ligg jo store og flotte båtar her i hamna, og der det kan vere snakk om store verdiar viss det vert utøvd skadeverk på desse, seier Koppen.

Forvtilar: Arne Koppen fortvilar over endå eit skadeverk på båten hans. Foto: Rune Sæbønes