– Eg vart imponert over mykje av det dei har fått til, seier ordførar Stein Aam (Sp) til Møre-Nytt.

Flora kommune, med Florø som by og kommunesenter, er med sine rundt 12.000 innbyggjarar litt større enn Ørsta i folketal, men befolkninga er konsentrert om eit mindre område. Kommunen er også tungt inne i oljenæringa, og har difor vorte hardare råka av oljenedturen enn Ørsta.

– Slik sett er det ikkje heilt samanliknbart, men det er fleire område der vi kan drage vekslar på kvarandre. Flora er også inne i ein periode med sterk utvikling, akkurat på same måte som Ørsta. Men dei har fått merka oljenedturen skikkeleg, og har vore heilt oppe på sju promille eigedomsskatt (Ørsta har to promille, journ.merk.), seier ordføraren.

Han løftar særleg fram tre område: Hamner, sykkelsatsing og næringssatsing.

Hamner

– Det er store hamneanlegg i Florø, retta mot offshorenæringa, så det vi driv med i Ørsta er småtteri til samanlikning. Men det er nyttig å vite korleis dei har organisert seg, og korleis hamneselskapet fungerer, seier Aam.

Delegasjonen var også på båttur til Florabassenget. Her går det hurtigbåtar på kryss og tvers mellom dei mange, små øysamfunna og Florø.

– Det var ei oppleving for ein landkrabbe frå Åmdalen. Hurtigbåtane er som små ferjer, og kan ta bilar på dekk. Dei har seksten stopp på ein rundtur på ei av rutene, seier Aam.

Hurtigbåt blir sett på som eit meir aktuelt transportmiddel for Ørstasamfunnet når Stad skipstunnel er klar, og då kan det vere snakk om hurtigbåtruter både nordover mot Ålesund og sørover mot Bergen (og Florø) frå Ørsta og Volda.

Flora har satsa stort på sykkel dei siste åra, ikkje minst gjennom det toårige prosjektet «Sykkelbyen Florø».

– Dette var svært interessant å høyre om, ikkje minst fordi sykkel er ei viktig satsing i den nye sentrumsplanen for Ørsta. Vi har også fått gjennomslag på fylket for nye sykkelvegar framover dalane, seier Aam.

Næring

Ørsta kommune har vedteke å sette av ti prosent av det kommunale overskotet til eit næringsfond. Det blir no jobba for fullt med å utarbeide statuttane for dette, og representantane frå Flora fortalde om sine erfaringar med sitt næringsfond.

– I år er det sett av 1,6 millionar kroner til vårt fond, og det var nyttig å høyre om kva kriterium dei brukar for tildeling, og samarbeidet dei har med fylkeskommunen.

Stein Aam nemner også flyplassane i Ørsta/Volda og Florø som ei felles erfaring. Begge har mista statsstøtta på rutene til Oslo, og hatt trafikknedgang dei siste åra.

– Men medan Hovden no er på veg opp att, går tala framleis nedover i Florø.

I tillegg til ordførar Stein Aam, var varaordførar Karen Høydal, Per-Are Sørheim frå Høgre og Per Ivar Lied og Rolf-Magnus Sundgot frå administrasjonen og Odd Magne Vinjevoll i Ørsta næringskontor med på turen til Sunnfjord.

bilar på dekk: Hurtigbåtane i Florabassenget kan ta bilar på dekk. foto: per Ivar lied Foto: Per Ivar Lied
på tur: Delegasjonen frå Ørsta kommune på kaia i Florø. Både ordførar og Varaordførar var med på turen. foto: per ivar lied Foto: Privat